HjemAktueltNyheiterVelkommen til lanseringsfest for Fedje og Folket!

Velkommen til lanseringsfest for Fedje og Folket!

Heile 25 år har gått siden Fedje og Folket først blei gitt ut, og boka har blitt fast inventar i mange heimar på Fedje. No har me gleda av å invitere til nylansering av den oppdaterte utgåva, saman med forfattar Arvid Skogseth. 

Forfattaren sjølv, saman med Chris Nyborg frå Norsk Lokalhistorisk institutt, vil fortelje om prosjektet, bakgrunnen for oppdateringa, og meir om korleis den nye digitale boka fungerer. 

Det vert i tillegg lokale kulturinnslag, og lett servering.

Arrangementet blir halde i det sosiale rommet i Fleirbrukshallen, den 6. desember klokka 17:00.

Vel møtt!


Sist oppdatert: 25.11.2022
Publisert: 25.11.2022