Tilgjengelighetserklæring
Kva gjeld denne erklæringa for?
Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for nettsida til Fedje kommune, inkludert "Minside".
Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under fedje.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing.
Kven er ansvarlig for nettstaden?
Kommunikasjonsrådgjevar har systemansvar for fedje.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert:
- sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
- sikre klart språk
- sikre god universell utforming
Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."
Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider.
Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.
Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no.
Slik jobber vi med nettsida vår
Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med nettsida vår.
For å kvalitetssikre nettsida bruker vi analyseverktøyet Monsido.
Vi jobber vidare med innhaldet på nettsida med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.
Vi skal mellom anna:
- oppretthalde og videreutvikle universelt utforma nettside
- bruke klart og tydelig språk
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav
Status for samsvar med krav
Fedje.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 9 av 47 krav i regelverket.
Vi jobber no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Fedje kommune
Chatboten Kommune-Kari er testa mot punkta i tilgjengeleghetserklæringa og tilfredsstiller alle relevante krav.
Trykk her for å sjå den komplette gjennomgangen av krava i UU-sjekken til Boost.ai
Gi oss tilbakemelding
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?
Send ein e-post til postmottak@fedje.kommune.no, eller ta kontakt med kommunen på telefon: 56165100.