HeimNyheter

Nyheter


Innkalling av Kommunestyret

Møtedato:         10.12.2020

Møtestad:          Slissøyna/Skarvøyna Fedje fleirbrukshall

Møtetid:             16:30 - 20:00

 

Anne Koppang frå Feddie Distillery kjem til møtet,
ho vil orientera om planar og framdrift for Feddie Distillery.

Presentasjon finn du her

Hugs smittevern!
- Vask hendene
- Hald avstand
- Hald deg heime om du er sjuk

Det vert julemiddag for kommunestyre representantane
på fab.nr. 8 etter møtet.

Eventuelle forfall må meldast til Kristin Handeland per tlf.  56 16 51 18, sms til 90 66 98 31
eller per epost til kristin.handeland@fedje.kommune.no

 

Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.

 

Sakliste

Saknr

Tittel

 072/20

 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste

 073/20

 Godkjenning av møtebok

 074/20

 Referatsaker

 075/20

 Oversending av vedtak i Fedje kontrollutval 45/20- Forvaltningsrevisjon 2020 - 2024

 076/20

 Oversending av vedtak i Fedje kontrollutval - sak 46/20. Plan for eigarskapkontroll 2020 -2024

 077/20

 Val av ny 3. vara til Eldrerådet for perioden 2019 - 2020

 078/20

 Framlegg til vedtak - temaplan for idrett- og friluftsliv 2021-2022 for Fedje kommune

 079/20

 Reform Leve heile livet - fase 3

 080/20

 Fastsetting av strukturen i dagopphald

 081/20

 Den vidare organiseringa av Nordhordland Digitalt

 082/20

 Oppdatering av selskapsavtale for Nordhordland Revisjon IKS

 083/20

 Orientering om Fedje kommune sitt arkivarbeid og digitalt sikringsmagasin for elektroniske arkiv

 084/20

 Avtale om tenesteytingsavtale mellom Fedje kommune og Fedje sokneråd / fellesråd

 085/20

 Pandemiplan for Fedje kommune - framlegg til vedtak

 086/20

 Kontigent stiftinga Kystkultur no!

 087/20

 Revidering av selskapsavtalen for Region Nordhordland Helsehus IKS

 088/20

 Revisjon av selskapsavtale Nordhordland Utviklingsselskap IKS

 089/20

 Spleiselag for sekretærfunksjonen i Nordhordland vassområde

 090/20

 Møteplan for formannskap og kommunestyre vår 2021

 091/20

 Gebyr for tømming av slam i 2021

 092/20

 Gebyr for vatn og kloakk i 2021.

 093/20

 Gebyr for feiing og tilsyn i 2021

 094/20

 Framlegg til ny forskrift for slamtømming for NGIR-området

 095/20

 Betalingssatsar SFO 2021

 096/20

 Betalingssatsar i kulturskulen 2021

 097/20

 Betalingssatsar barnehage 2021

 098/20

 Gebyr for renovasjon i 2021.

 099/20

 Godkjenning av skatteøre og skattesats etter eigedomsskattelova for 2021.

 100/20

 Husleiger i kommunale bustader i 2021

 101/20

 Justering av sats for omsorgsstønad 2021

 102/20

 Justering av satsar for matombringing 2021

 103/20

 Justering av satsar for praktisk bistand - heimehjelp 2021

 104/20

 Justering av satsar for tryggleiksalarm og velferdsteknologi 2021

 105/20

 Kjøp av legepraksis

 106/20

 Oppseiing av avtale med Nordhordland legevakt

 107/20

 Kommunebudsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024

 

 

3. desember 2020

 

 

Stian Herøy

ordførar

 

Kristin Handeland

sekretær

 

03.12.2020

Tomt for INFLUENSAVAKSINE!

Vi har i år vaksinert langt fleire enn vi pleier, og gjekk i dag tom for vaksinedosar. Vi vil prøve å få tak i fleire dosar, og ber om at alle som ynskjer vaksine, melder frå til helsesjukpleiar Kjersti Torstensen. Ho er på helsestasjonen kvar torsdag og fredag. Vi vaksinerer ikkje fredag 061120

 

Risikogruppene er:

            -Hjartesjuke

            -Lungesjuke

            -Sukkersjuke

-Personar som er svekka av andre grunnar (leversvikt, nyresvikt, alvorlig

nervesjukdom, nedsett immunforsvar, grov overvekt =BMI >40).

-Alle personar over 65 år og gravide i 2. og 3.trim.

            -Dei som bur på institusjon (sjukeheim)

For desse gruppene kan influensa vere ein farleg sjukdom.

 

I tillegg vil vi tilby vaksine til alt helsepersonell. Dette vert betalt av kommunen.

 

Vil du ha vaksine, ta kontakt med leiande helsesjukepleiar Kjersti Nilsen Torstensen på tlf. 56165117 eller 408 02 756 . Vi lagar venteliste.

 

Litt informasjon:

1)    Dei fleste influensaepidemiane kjem i perioden desember- januar

2)    For dei fleste er influensa ein ufarleg, men til tider svært ubehageleg sjukdom (med unnatak av risikogruppene du kan lese om i innleiinga)

3)    Influensavaksinen bør takast seinast 2-3 veker før ein epidemi, og helst før overgangen oktober til desember

4)    Influensavaksinen gjev vern mot influensasjukdom i ca. 3-4 månader og det må takast ny vaksine kvart år.

5)    Dei som har allergi mot egg, kan ikkje vaksinerast mot influensa

6)    Vi vaksinerer ikkje ved akutte infeksjonar

7)    Vanlegaste biverknader er ømheit på stikkstaden, litt feber og lette influensasymptom. Sjeldan allergi.

8)    VAKSINEN GJEV IKKJE VERN MOT VANLEG FORKJØLING.

 

 

Med venleg helsing

 

 

Kommuneoverlege                                                    Leiande helsesjukepleiar

Ernst Horgen                                                             Kjersti Torstensen      

30.10.2020

INFLUENSAVAKSINE ER KOMEN NÅ

Det blir opent for vaksine for risikogruppene i Fleirbrukshallen. Du skal sitje i bilen til du vert henta. Kjem du ikkje med bil, skal vi likevel ta imot deg og finne ein stad du kan vente på vaksine. Du må vente ein ½ time i Fleirbrukshallen etter vaksinen er satt. Viktig: To meter avstand til andre, vaske med sprit, ikkje handhelse, ver heime ved luftvegsinfeksjon.

Vaksinering vert fylgjande dagar;

Torsdag  29.oktober               kl. 0800 – 15:30

Fredag    30.oktober              kl. 0800 – 15:30

Fredag    06.november            kl. 0800 - 15:30

 

Vaksinen vil også i år koste kr. 100.

Risikogruppene er:

            -Hjartesjuke

            -Lungesjuke

            -Sukkersjuke

-Personar som er svekka av andre grunnar (leversvikt, nyresvikt, alvorlig

nervesjukdom, nedsett immunforsvar, grov overvekt =BMI >40).

-Alle personar over 65 år og gravide i 2. og 3.trim.

            -Dei som bur på institusjon (sjukeheim)

For desse gruppene kan influensa vere ein farleg sjukdom.

 

I tillegg vil vi tilby vaksine til alt helsepersonell. Dette vert betalt av kommunen.

 

Vil du ha vaksine ,men kan ikkje møte på dagane over, ta kontakt med leiande helsesjukepleiar Kjersti Nilsen Torstensen på tlf. 56165117 eller 408 02 756

 

Litt informasjon:

1)    Dei fleste influensaepidemiane kjem i perioden desember- januar

2)    For dei fleste er influensa ein ufarleg, men til tider svært ubehageleg sjukdom (med unnatak av risikogruppene du kan lese om i innleiinga)

3)    Influensavaksinen bør takast seinast 2-3 veker før ein epidemi, og helst før overgangen oktober til desember

4)    Influensavaksinen gjev vern mot influensasjukdom i ca. 3-4 månader og det må takast ny vaksine kvart år.

5)    Dei som har allergi mot egg, kan ikkje vaksinerast mot influensa

6)    Vi vaksinerer ikkje ved akutte infeksjonar

7)    Vanlegaste biverknader er ømheit på stikkstaden, litt feber og lette influensasymptom. Sjeldan allergi.

8)    VAKSINEN GJEV IKKJE VERN MOT VANLEG FORKJØLING.

 

 

Med venleg helsing

 

 

Kommuneoverlege                                                    Leiande helsesjukepleiar

Ernst Horgen                                                             Kjersti Torstensen

15.10.2020

Eit hav av moglegheit – TV-aksjonen 2020

Havet er fantastisk. Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal me redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava.

 

«Plast som hamnar i havet blir ikkje brote ned. Han deler seg opp og blir til mikroplast. Dyre- og fiskelivet får dermed plast i systema sine. Som konsekvens av dette får me i oss plast gjennom maten me et og lufta me pustar inn. Gjennomsnittleg fem gram i veka – tilsvarande vekta av eit kredittkort», seier Fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Vestland, Marthe Jansen.

TV-aksjonen 2020 er tildelt WWF, og er øyremerka arbeidet dei gjer for å hindra at plast hamnar i verdshava. Midlane skal mellom anna gå til å etablera og betra avfallssystem, samla inn og resirkulera søppel, kutta bruken av unødvendig plast og gje ei opplæring til elevar og lærarar om konsekvensen av plast for helse og miljø.

 

Digitale bøsser

Me er i eit annleis år, som krev annleis løysningar. Det er ein dugnad som pregar verda no,, og denne tek TV-aksjonen sjølvsagt del i. Me har dermed bestemt at årets TV-aksjon blir med digitale bøsseberarar, og ikkje fysiske som går dør-til-dør slik me er van til.

Ønskjer du som privatperson, lag og foreiningar å bli digital bøsseberar kan du melda deg på https://blimed.no/ Når registreringa er fullførd, vil du automatisk få ei ferdiglaga Spleis som er din digitale bøsse. Denne kan du gjøre meir personlig ved å endra namn og bilete om du ønskjer.

Frå 5.oktober blir bøssene aktive, og den digitale bøsseberaren deler bøssa si i nettverka sine, anten via sosiale medium, eller sender ein sms eller epost til kjente og kjære med oppmoding om å gje på bøssa. Les meir om digitale bøsseberarar her: https://blimed.no/dbb

Alle er invitert

Som tidlegare år ønskjer TV-aksjonen å invitera alle i Noreg med på aksjonen. «Kommunar i helie Vestland er også i år med å bidra til at TV-aksjonen blir ein suksess. Det er engasjementet og arbeidet som blir gjort i kvar enkelt kommune som gjer at TV-aksjonen når fram til alle krinkel og krokar av fylket vårt. Denne frivillegheita er me like avhengig av i år som tidlegare år. Dette er nøkkelen til at TV-aksjonen er ein suksess», seier Jansen.

 

I samarbeid med Salaby har TV-aksjonen skapt eit eige undervisningsopplegg for grunnskolen - tilpassa læreplanen. Det er opp til kvar enkelt om ein vil bruka ein skuletime eller ei skuleveka på opplegget.

Næringslivet har også god tradisjon i å engasjera seg for TV-aksjonen. I 2019 samla næringslivet i Noreg inn om lag 32.5 millionar kroner til TV-aksjonen - fordelt på 5700 bidrag. Dei fleste av desse bidraga kjem inn via lokale ringedugnadar.

Lag, organisasjonar, idrett og trussamfunn er alle velkomne til å bidra til TV-aksjonen. For meir informasjon og gode idéar om korleis ein kan bidra, sjå  https://blimed.no/engasjer-deg/

 

 

13.10.2020