HjemAktueltNyheiterINFLUENSAVAKSINERING HAUSTEN 2022

INFLUENSAVAKSINERING HAUSTEN 2022

Fedje kommune tilbyr influensavaksinering til alle innbyggjerar som er 65 år eller eldre, samt til dei under 65 år med risiko for eit meir alvorleg sjukdomsforløp ved evt smitte av influensa (dette gjeld gravide etter 12. svangerskapsveke, prematurt fødde barn, samt barn og vaksne med kronisk sjukdom som diabetes, kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, lever- og nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar og svært alvorleg fedme/KMI > 40).

Fedje Kommune tilbyr også influensavaksinering til helsepersonell med pasientkontakt tilsett i kommunen.

 

Stad: Fedje Helsestasjon

Tid: 20. og 21.10 frå kl 13 - 16

Pris: 200,-/vaksine (vaksina er gratis for helsepersonell). Betaling via Vipps, evt kontant.

 

 

Ta kontakt med Fedje Legekontor (56 16 40 31) for å avtale anna tidspunkt for vaksinering dersom du ikkje har høve til å møte ein av desse dagane. Ta også kontakt med Fedje Legekontor dersom du har spørsmål knytta til vaksina og/eller lurer på om du bør vaksinere deg. 

INFLUENSAVAKSINERING HAUSTEN 2022 


Sist oppdatert: 13.10.2022
Publisert: 13.10.2022