Influensa- og koronavaksinering

Fedje Kommune tilbyr i år samvaksinering med influensavaksine og koranavaksine til innbyggjarar som er i risikogruppe for eit meir alvorleg sjukdomsforløp ved eventuell smitte (sjå under). 

Du bestemmer skjølv om du ynskjer begge vaksinene eller berre den eine. Fedje Kommune tilbyr også influensavaksinering til helsepersonell med pasientkontakt tilsett i kommunen.

Stad: Fedje Helsestasjon

Tid: 26. og 27.10 frå kl 13 - 16

Pris: 200,- for influensavaksine (vaksina er gratis for helsepersonell). Betaling via Vipps (evt. kontant).

Koronavaksina er gratis.

 

Ta kontakt med Fedje Legekontor (56 16 40 31) for å avtale anna tidspunkt for vaksinering dersom du ikkje har høve til å møte ein av desse dagane. Ta også kontakt med Fedje Legekontor dersom du har spørsmål knytta til vaksinene og/eller lurer på om du bør vaksinere deg.

 

FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine:

Alle frå 65 år

Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.

Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.

Barn og vaksne med:

Diabetes type 1 og diabetes type 2

Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt

Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

Nedsett immunforsvar

Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40).

Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

 

FHI anbefaler i tillegg vakine til desse gruppene:

Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt

Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære)

immunsupprimerte pasientar

Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

 

FHI anbefaler at desse gruppene tar ny oppfriskingsdose med koronavaksine haust/vintersesong 2023/24:

Personar som er 65 år og elde- og sjukeheimsbebuarar,

personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe,

ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom,

barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer dette som viktig,

gravide i 2. og 3. trimester.

Andre med behov for oppfriskingsdose med koronavaksine:

Sjølv om du ikkje er i ei risikogruppe kan du få oppfriskingdose dersom du skal på reise eller studieopphald, treng det grunna familiær situasjon eller andre forhold.

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 17.10.2023