Fedje skule

Fedje skule er ein fådelt skule frå 1.-10. klasse med ca 61 elevar. 

 

Kontakt

Skulen sitt telefonnummer er 966 25 266. Ring eller send melding om du vil ha kontakt med oss.

Rektor er Stine Nordby, ho har telefon: 56165121 og mail:

stine.storemark.nordby@fedje.kommune.no

Konstituert ass.rektor Tove Nordseth, tlf: 56165123

 

Organisering av skuledagen

1.+2.time    8.30-10.00

Friminutt  10.00-10.20

3. +4.time 10.20-11.50

Friminutt  11.50-12.20

5.+6.time  12.20-13.50

7.time  (Gjeld berre ungdomsskulen)  13.55 - 14.40

 

Samarbeid heim - skule

Vurderingsforskrifta § 9-1 nr. 1 lyder :
Skolen skal halda god kontakt med foreldra. Klassestyraren skal minst to gonger i året ha ein planlagd og strukturert samtale med dei. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Eleven bør vere med i desse samtalane; etter fylte tolv år har eleven rett til å vere med.

Dette skuleåret vert foreldrekonferansane i oppstarten av kvart semester. Tanken er at elev, foreldre og lærar i samarbeid skal peike ut område som ein kan vere einige om å arbeide spesielt med framover. I slutten av semesteret gjev lærar ei oppsummering til heimen om korleis dette og andre ting har gått. Denne oppsummeringa vert lagt til grunn for neste konferanse der alle tre partar vert med.

 

Foreldreråd

Før utgangen av september skal det haldast samla foreldrerådsmøte for alle som har born i skulen.

 

Foreldresamtykke

I løpet av eit skuleår vil det oppstå situasjonar i skulesamanheng som elevane må ha foreldra sitt samtykke til for å kunna vere med på.

Det kan m.a. vere :
- Å vere med på klasseturar
- Å delta på diverse arrangement
- Å binde seg til skulemjølkordning
( halvårige ordningar )
- Å bli oppmeld til PPT-konsultasjon
- Å velje tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å få / ikkje få karakterar i tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å byte tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å ha praktisk prosjektarbeid utanom skuletid med
avspasering av skuletimar
- Å velje praksisplass i arbeidsveka ( ungd.steget )
- m.m.

Me vil oppmoda foreldra til å gje tilbakemelding så snart som råd når det kjem slike spørsmål frå skulen.

 


Sist oppdatert: 20.04.2018
Publisert: 20.04.2018