Kulturskulen

Publisert: 11.06.2018
Sist endra: 10.08.2022

Tone Lise Moberg er kulturskulerektor på Fedje. Ho er utdanna songpedagog og kordirigent, og var songpedagogen til vinnaren av «The Voice» i 2012. Ho gler seg til å jobbe med songglade barn på Fedje!

Tone Lise kan nås på: 

Tlf: 97 66 21 82

E-post: tone.lise.moberg@fedje.kommune.no

 

Fedje Kulturskule kan tilby pianoundervisning og songundervisning i gruppe for barn og unge i haust.

  • Pris kr 1400,- per aktivitet.
  • Søskenmoderasjon er på 50 prosent. Pris for to aktivitetar til samme barn er kr 2100,-. Påmeldingskjema finn du lengre nede på sida.

Påmeldingsfrist er 12. august. Om det er ledige plasser er det fint mulig å melde seg på seinare også.

Vi ynskjer også å tilby helgekurs i trommer, bass, gitar og samspel, i tillegg til dans og drama i haust. Kurs i film- og musikkvideoproduskjon er også noko me vil prøva å få til. Kan ikkje lova noko og kva som er mogleg vil tida vise, men får vi det til vil tilbod leggjast ut på kommunens nettside. Påmelding skjer då ved å senda mail til Tone Lise Moberg.

 

Vil du gå i kulturskulen?

Du søkjer via elektronisk skjema 

Du kan også melde interesse via epost til Tone Lise. 

 

 Føremål og plikter i Fedje Kulturskule 

"Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles." (Opplæringslova §13-6) 

Kulturskulen sitt føremål

Formålet med kulturskulen er at elevane skal lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Opplæringa skal bidra til born og unge si danning, fremje respekt for andre si kulturelle tilhøyrsle, bevisstgjere eigen identitet, verte kritisk reflekterande og utvikle eigen livskompetanse. Kulturskulen skal også vere eit lokalt ressurssenter og ein samarbeidande aktør i grunnopplæringa og kulturlivet i den einskilde kommune. Kulturskulen har eit særleg ansvar for samarbeid med skuleverk, korps, kor, lag, foreiningar og frivillige og profesjonelle kunst- og kulturorganisasjonar. Eit læringsmiljø som oppmuntrar til deltaking i kulturelle fellesskap har stor betydning for motivasjonen til elevane. 

Kulturskulen skal

  • Tilby opplæring hos høgt kvalifiserte og utdanna pedagogar og utøvarar. 
  • Gje opplæring tilpassa den einskilde elev sine forutsetningar, behov og interesser. 
  • Gje opplæring innafor tydelege og faste rammer. 
  • Legge opp undervisning anten som enkeltundervisning eller i grupper. 
  • Gje både fagleg og sosial utvikling for elevane. 
  • Gjere mogleg konsertar og andre framsyningar. 
  • Ha tett kontakt med føresette. Gje tilbod om foreldresamtalar. 
  • Vere rådgivande ved kjøp av eige instrument. 
  • Gje eleven meistringskjensle og vere eit tilbod utan reservebenk. 

Eleven skal

  • Møte opp til rett tid og vere førebudd til undervisninga. 
  • Sette av tid til å vere med på konsertar, framsyningar og prosjekt utanom den vanlege undervisninga. 

Føresette skal

  • Oppmuntre og støtte borna, og legge til rette for øving heime. 
  • Ta kontakt med lærar om dei har spørsmål eller ynskjer å kome med innspel til undervisninga. 
  • Melde fråvær til læraren. 
  • Kjøpe nødvendig opplæringsmateriell etter avtale med læraren, mellom anna lærebok. 
  • Ta godt vare på kulturskulen sitt utstyr. 
  • Betale semesteravgift i god tid. Læraren kan ha fråvær inntil tre gongar i semesteret før det vert refundert pengar.