Kulturmidlar og dugnadsfond
Fedje kommune har kr. 110000,- til fordeling. Desse midlane kan søkjast på av lag og organisasjonar som har si drift på Fedje. Det vert kunngjort søknadsfrist ein gong per år. I 2020 er frist 20.september.
Søknadsskjema her
I tillegg er det oppretta eit dugnadsfond på kr 50 000. Tildelingar vert avgjort av formannskapet etter søknad. Me kan dele ut midlar til eldsjelar, grupper, lag som ynskjer å oppgradere eller restaurere nærmiljøanlegg, tursti, leikeplassar, og anna. Arbeidet skal vere dugnadsbasert, medan fondet vert nytta til å dekke materialutgifter.
Her er det ikkje noko skjema, men ein kan sende inn søknad til postmottak@fedje.kommune.no