HjemKultur, fritid og turismeBygdeboka Fedje og Folket

Bygdeboka Fedje og Folket

Klikk her for å komme til den digitale utgåva av boka:

Fedje og Folket på nett

 

Boka Fedje og Folket har i mange år vore fast inventar i Fedjefolket sine bokhyller, og boka er endå i flittig bruk. Me har no gleda av å fortelje at ei ny og oppdatert utgåve av Fedje og Folket er klar, og det er forfattaren av boka, Arvid Skogseth, som har utført arbeidet med oppdateringa.

Ei slik digital bok kan oppdaterast jamleg i framtida, og eventuelle feil (både gamle og nye) kan sendast inn og enkelt rettast opp. Boka kan fritt lesast på internett, og alle bustader på Fedje er omtalt.

Om du finn feil eller manglar som kan rettast opp i, send gjerne ein mail til arviskog@online.no. Du kan og registrere deg på lokalhistoriewiki og gjere endringa sjølv, dersom ynskjeleg. 

Fedje kommune takkar Arvid Skogseth for alt det gode arbeidet han har gjort for å oppdatere Fedje og Folket, og me er glade for at boka no er lett tilgjengelig på nett for alle som ynskjer å lese den - både no og i framtida. 


Sist oppdatert: 19.01.2023
Publisert: 31.01.2022