Bibliotek

 

Kontakt Fedje Folkebibliotek:

Biblioteksjef: Charlotte Vik / Anneline Einbu (vikar)

Tlf. 56 16 51 11

E-post: biblioteket@fedje.kommune.no

 

 

 

 

Opningstider:

Måndag  17-19

Tysdag   10-14 

Onsdag   10-14

Torsdag- Søndag: Stengt

 

Fedje folkebibliotek er eit kombinasjonsbibliotek med Fedje barne og ungdomsskule. I biblioteket finn du i tillegg eit stort utval bøker for born og vaksne. I tillegg finn du lydbøker, dvd, spel, aviser og tidsskrift. Dersom det er titlar du ikkje finn hjå oss, fjernlåner vi frå andre bibliotek.

  

E-bøker og E-lydbøker

Bruk BookBites til å låne e-bøker og e-lydbøker gratis frå biblioteket. Appen er laga for å gje gode lese- og lytteopplevingar.

Du kan logge inn med feide eller med lånenummer. Les meir om bookbites her

 

Sjekk dine lån og kva bøker som er tilgjengeleg

Biblioteka i Nordhordland har felles nettside: https://www.nordhordlandsbiblioteka.no/

På denne sida finn du opplysningar om alle åtte biblioteka i regionen, opningstider, kontaktinformasjon og tilbod. Her har du di eiga side der du kan klikka deg inn på «Meg og mitt» og sjå på låna dine, forlenga lånetida og reservera bøker o.a. Logg deg på med lånenummer og passord.

Her kan du lage ny pinkode 

 

Nasjonalt lånekort

Har du nasjonalt lånekort har du litt fleire mogelegheiter enn om du berre har lokalt lånekort. Du kan mellom anna bestille bøker frå heile landet sjølv via biblioteksøk, som du kan hente på Fedje bibliotek. Du kan også leie film. Det er mogeleg å oppgradere kortet ditt heimeifrå. Du kan lese meir om dette her

 

Film

Her kan du leie film på ditt nasjonale lånekort

 

Adresser

Postadresse:

Fedje folkebibliotek

Stormarkvegen 49
5947 FEDJE

Besøksadresse:
Kalvedalen 6

 

Fergekaibiblioteket

Er du på reis til eller frå Fedje og treng lesestoff? På ferjekaibiblioteket kan du låna eller byta til deg bøker. Det knøttvesle biblioteket i venterommet på ferjekaia er ope frå tidleg morgon til sein kveld, og er sjølvbetjent.

I bytehyllene kan du legga frå deg pocketboka du kjøpte til Sydenferien din, og plukka opp ei ny bok. Erfaringa så langt viser at det er fleire bytebøker som kjem inn enn som vert tatt med frå biblioteket. Det er difor fullt mogleg å ta med seg bøker frå bytehylla utan å legga att ei anna!

Me håper du finn glede i å nytta Ferjekaibiblioteket! Velkomen!

 


Sist oppdatert: 29.02.2024
Publisert: 01.06.2018