HeimNæring og løyveSkjenkeløyve for alkohol

Skjenkeløyve for alkohol

 

Informasjon til søkjar

Merk deg: sakshandsaming av søknaden byrjar fyrst når alle dokument er kome inn til kommunen jamfør tjenesteloven § 11, første ledd. 

 

Før du søkjer

Gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som viser arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Krav til søkjar
  • Styrar og avløysar for styrar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Du må ha plettfri vandel.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere tilsett eller ha ein eigarstilling på staden.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
  • Du må skildre av opplegget for drifta, som hindrar at lyd frå skjenkestaden blir til vesentleg sjenanse eller ulempe for dei som bur i området. Det same gjeld orden på området kring inngangspartiet.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
  • Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret, at dei har lovlege arbeidskontraktar og at det er teikna yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
Slik søkjer du

Du finn elektronisk søknadsskjema her

Handsaming av søknaden

Fedje kommune har kontrollutval for alkohol. Alle søknader om skjenkeløyve vert sendt til politi og helse- og omsorgsjef . Deretter vert dei handsama i formannskap og kommunestyre som avgjer om søknaden vert innvilga eller ikkje. Søknader om serveringsløyve vert sendt til politiet for uttale. Den vert så behandla administrativt i kommunen. Det er 60 dagars handsamingstid. 

 

Kva seier lova?
Slik klagar du

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

 

Vedteken ruspolitisk handlingsplan for Fedje kommune 2020-2024:

Forskrift om sals-, skjenke- og opningstider.


Sist oppdatert: 01.06.2022
Publisert: 13.06.2018