HjemHelse, sosial og omsorgInformasjon om koronavirus/ Covid 19

Informasjon om koronavirus/ Covid 19

Oppfriskingsdose for Korona-vaksine våren 2023

Det er no tilbod om oppfriskingsdose med Korona-vaksine, og dei som ønskjer må ta kontakt med Fedje Legekontor på telefon 56 16 40 31 mellom kl 08.00 og 15.00 mandag, onsdag eller fredag. Vaksina er gratis.

Rådet frå Folkehelseinstituttet (FHI) er at denne oppfriskingsdosen med vaksine vert tatt av dei som er 75 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.

Ein ny dose vaksine er særleg aktuell for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon tidlegare, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.

Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan sist dose.

Vaksineringa er gratis, og frivillig.

 

Råd og tiltak

Det er slutt på det nasjonale rådet om testing, karantene og isolasjon. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom og føler deg sjuk, skal du likevel halde deg heime til du føler deg bra. Treng du helsehjelp, må du oppsøkje lege. Du kan leve som normalt ved kun lette forkjølelsessymptom. Host i eit lommetørkle eller i armkroken, og ha god handhygiene ved å vaske hendene med såpe og vatn, eller bruk alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel.

Oversikt over oppdaterte regler og anbefalinger

Helsenorge.no - Oppdaterte råd frå FHI 

 

Behandling med tablettar

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona.

 

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
  • Alle som er over 80 år

 

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.

Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.

Viss symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
  • Du er over 80 år.
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

 

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helsenoreg.

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

 

Testing

Du kan teste deg om du ynskjer, men det er slutt på den generelle tilrådinga om testing ved symptom. Dersom du vel å teste deg og testen viser at du er smitta med Covid-19, gjeld dei samme råda om at du skal halde deg heime om du føler deg sjuk.

Les meir her:

Trykk her for å lese meir om testing og symptom på helsenorge.no.


Les meir om testing ved innreise på helsenorge.no.

 

Det er ikkje nødvendig å melde ifrå ved positiv test. 

 

Nyttig informasjon

Ein finn mykje informasjon om korona via helsenorge.no, og chatboten til helsedirektoratet.

Chatboten finn du nedst i høgre hjørnet på alle sidene til www.helsenorge.no
Dersom chatboten ikkje har svar til deg, kan du forsetje samtalen og be om å bli sett over til ein rettleiar.

 

Her kan du hente hurtigtestar

Du kan hente gratis hurtigtest til nokon som:

Har symptom: feber, hoste, tungpusta, tap av smak-eller luktesans, sår hals, hodepine, muskel eller sjukdomskjensle.

Dersom du har symtom, ber me om at du får andre til å hente for deg.

 

Her kan du hente hurtigtestar
Me deler ut tester frå 1.etasje frå sjukeheimen, Muleveien 18: Måndag, onsdag og fredag klokka 10.00 – 12.00

Utanom denne tida må du handle hurtigtestar på butikk eller apotek.

 

Vaksine

Tidlegare i haust tilrådde Folkehelseinstituttet (FHI) oppfriskningsdose med koronavaksine til alle over 65 år, til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom og til gravide i 2. og 3. trimester. For dei fleste vil dette vere 4. vaksinedose, mens for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det vere 5. vaksinedose.

FHI vurderer at aldersgruppa 18-64 år utan underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp per no ikkje er inkludert som ei risikogruppe som er tilrådd ny oppfriskningsdose. Likevel er det opna opp for at dei som ynskjer det kan ta ein ny dose.

Dersom du ikkje allereie har tatt ein oppfriskningsdose med koronavaksine og ynskjer det, kan du ta kontakt med Fedje Legekontor på telefon 56 16 40 31 mellom kl 08.00 og 15.00 mandag, onsdag eller fredag. 

 

Koronavaksine for barn og unge

Barn i alderen 5 – 11 år kan få tilbod om ein vaksinedose. Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ikkje at alle barn i denne aldersgruppa tar vaksine. Vaksinen er mest aktuell for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, og barn med auka risiko av andre grunnar. Barn i denne aldersgruppa vil få eigne barnedosar.

Ungdommar i alderen 12 – 15 år kan få tilbod om dose 1 og dose 2. FHI tilrår at ungdommane 12 – 15 år kan få tilbod om dose 2, 8 – 12 veker etter dose 1, men det er ingen generell tilråding om dose 2 til ungdommar i denne aldersgruppa.

 

Les meir: Koronavaksine - informasjon til befolkningen - FHI

 

Til alle barn og unge under 16 år skal det brukast eige samtykkeskjema ved vaksinasjon mot koronavirus. Skjema finn du på denne lenka.

Ta kontakt med legekontoret eller helsesjukepleiar ved ynskje om time til koronavaksine.

 

Med helsing:

Legekontoret: 56 16 40 31 måndag, onsdag og fredag 08.00 – 12:00

Helsesjukepleiar: 56 16 51 17 måndag, torsdag og fredag 08.00-14.00


Sist oppdatert: 30.03.2023
Publisert: 07.12.2021