Psykososialt kriseteam
Fedje kommune har psykososialt kriseteam som har til oppgåve å hjelpe menneske i akutte situasjonar som rammer liv og helse i alvorleg grad. Kriseteamet er eit fagteam som yter psykososial førstehjelp i kriser, ulykker og katastrofar.
Kriseteamet på Fedje set i verk psykososiale tiltak berre i dei i tilfelle der dei ordinære helsetenestene ikkje er tilstrekkeleg. Mandatet til kriseteamet er å tilby hjelp så tidleg som mogleg for å redusera oppleving av kaos og kontrolltap, og førebygga psykososiale seinskadar. Hensikta er å førebygga framtidige helseproblem. Kriseteamet vil gjere vurderingar for behov om mobilisering i kvar enkelt situasjon.
Korleis komme i kontakt med psykososialt kriseteam?
På dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.
Psykososialt kriseteam blir kontakta av legevakt eller andre naudinstansar. Du kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet.