Kommunepsykolog

Psykologtenesta på Fedje er eit lågterskeltilbod. Tilbodet er retta mot personar med psykiske plager, livskriser og andre utfordringar som kan påverke den psykiske helsa. Kommunepsykologen kan hjelpe med milde til moderate psykiske vanskar, og tilpassar tilbodet for at det skal passe deg best mogeleg. 

For kontakt kan du ringe direkte på telefon. Hugs at du kan få hjelp frå andre til å ta kontakt om du synest det er vanskeleg, dette kan til dømes vere føresette, lege, helsesjukepleiar eller ein ven.   

Fedje kommune har kommunepsykolog saman med Austrheim kommune.

Tenesta er gratis.  

Kontakt

Kommunepsykolog er Ingrid Hjertaas.

Ho er fast på Fedje kvar fredag og har kontor på helsestasjonen.   

Telefonnummer: 966 25 595  


Sist oppdatert: 10.08.2021
Publisert: 23.08.2018