Psykososialt kriseteam
Om teamet
Teamet skal vere ein ekstra ressurs og hjelp når det er nødvendig med tidleg innsats i ein akutt fase før andre hjelpesystem er klare til å yte hjelp. Kriseteamet vil gjere vurderingar for behov om mobilisering i kvar enkelt situasjon.
Korleis komme i kontakt med psykososialt kriseteam?
På dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.
Psykososialt kriseteam blir kontakta av legevakt eller andre nødinstansar. Du kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet.
Sist oppdatert:
08.03.2023
Publisert:
30.10.2020