Velferdsteknologi
Kva kostar det?
All velferdsteknologi er gratis i kommunen.
Kva er velferdsteknologi?
Velferdsteknologi er teknologiske hjelpemidlar/løysingar som for eksempel tryggleiksalarm, fallsensor, lokaliseringsteknologi, nettbrett med spesielle apper som gjer kvardagen lettare og gir dermed moglegheiten til å bu lengre heime.
Kvifor trenger vi velferdsteknologi?
I åra som kjem reknar vi med at talet eldre aukar og at fleire yngre med kroniske sjukdommar får auka behov for helse- og omsorgstenester. På same tid vil truleg tilgangen på helsepersonell vert mindre. For å imøtekomme dette skal kommunane ta i bruk velferdsteknologi. Dette kan vere teknologiske løysingar som medverkar til meir sjølvstendige liv og meistring i kvardagen for den einskilde trass ulike hjelpebehov. Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar som gjer varslar til deg sjølv, pårørande eller heimetenesta. Velferdsteknologi vil i dei fleste høve vere eit supplement til anna heimesjukepleie.
Kva slags velferdsteknologi tilbyr vi?
- Tryggleiksalarm med ulike sensorer, til døme
dør-, senge-, fall- og bevegelsessensor
- Medisindispenser
- Lokaliseringsteknologi (GPS)
Krav til søkjar for å kunne få velferdsteknologi
- Du må bu i Fedje kommune
- Du må kunne nytta deg av denne teknologien
- Du treng hjelp til å føle deg trygg heime
- Du må ha tilgang til mobilt nett
Kven kan få tilbod om velferdsteknologi?
Velferdsteknologi er eit av fleire tilbod den kommunale helse- og omsorgstenesta gjev til innbyggjarane i alle aldersgrupper.
Velferdsteknologien kan vere til hjelp dersom du:
- Har nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne
- Har svekka sansar (til døme hørsel eller syn)
- Har kognitiv svikt
- Kjenner deg utrygg heime
- Har hatt fall og/eller står i fare for fall
Korleis søkja om velferdsteknologi
Fyll ut søknadsskjema for kommunale helse- og omsorgstenesta og kryss av for velferdsteknologi. Sakshandsamar i kommunen kjem på heimebesøk og kartleggjar ditt behov. Ha gjerne med deg ein pårørande under dette møtet. I etterkant vil kommunen avtale vidare prosess med opplæring, montering og individuell tilpasning.
Trykk her for å laste ned søknadsskjema
Kva kostar velferdsteknologi?
For alle som hadde tryggleiksalarm før 2020, forblir den gratis. Dei som søkjer om velferdsteknologi eller ynskjer å endre til eit anna tilbod, vert vurdert om tenesta faller under Helse- og omsorgstjenesteloven § 3.
Kontaktperson
Ressursperson for velferdsteknologi
Nadine Gutte-Preusse
Telefon: 56165142
E-post: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no