Støttekontakt
For deg som ønskjer støttekontakt
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. Tenesta er for alle som treng eit slikt tilbod.
Du kan sende søknaden din til:
Anita Hatlem Villanger
Leiar for psykisk helse
Telefon: 56165115
Epost: anita.hatlem.villanger@fedje.kommune.no
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist for støttekontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva kostar det?
Det er gratis å ha støttekontakt. Du må dekke dine eigne utgifter til aktivitetar som du og støttekontakten er med på ilag.
Har du følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.
Kva får du?
Tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.
Dersom du ønskjer det, kan støttekontakten:
Komme heim til deg
Bli med på bibliotek eller kafe
Bli med på tur eller andre sosiale aktivitetar med meir
For deg som vil bli støttekontakt
Som støttekontakt får du godtgjerdsle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ein meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.
Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!
Kven kan bli støttekontakt?
- Du bør vere minst 18 år
- Du må kunne leggje fram politiattest
- Du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
- Du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
- For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bitt deg for minst eitt år.
Slik søkjer du om å bli støttekontakt
For å bli støttekontakt skriv du ein søknad der du skriv du litt om deg sjølv. Denne kan innehalde:
Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du?
Kva brukarar vil du helst jobbe med? Eksempel på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar eller menneske frå andre kulturar.
Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:
Anita Hatlem Villanger
Leiar for psykisk helse
Telefon: 56 16 51 15
Epost: anita.hatlem.villanger@fedje.kommune.no
Kva skjer når du har søkt?
- Vi prøvar å svare deg innan fire veker.
- Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vera støttekontakt.
- Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar.
Aktuelle lovbestemmelser
Pasient- og brukerrettighetsloven:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-07-02-63
Helse- og omsorgstjenesteloven:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30
Informasjon om støttekontakttjenesten fra helsedirektoratet:
https://helsedirektoratet.no/publikasjoner/meningsfylt-fritid-informasjon-om-stottekontakttjenesten