Søknadsbaserte tenester
Kva kan du søkje på?
I Fedje Kommune har me ei rekke tilbod du kan søkje på. Desse tenestene er:
- Praktisk bistand/hjemmehjelp
- Heimesjukepleie
- Dagopphald og dagaktivitetstilbod
- Støttekontakt
- Brukarstyrt assistanse (BPA)
- Matombringing
- Tryggleiksalarm
- Avlasting-, korttid-, langtidsopphald i institusjon
- Omsorgsbustad og kommunal bustad
- Rehabilitering
- Rus og psykisk helseteneste
Slik søkjer du
Me har eit felles skjema for pleie og omsorgstenester, og du krysser av for den tenesta du ønskjer å søkje på.
Du kan også få skjema hjå Fedje sjukeheim, tlf 56165140. Du kan og få hjelp til utfylling, dersom du ønskjer det.
Info om nokre av tilboda
Matombringing:
Matombringing ytast til heimebuande som ikkje er i stand til å tilberede sin eigen mat. Tenesta ytast heile veka, unntatt laurdag. Du kan likevel bestille ekstra måltid ein anna dag for bruk på laurdag. Dette arbeidet vert utført av heimesjukepleie.
Tryggleikssalarm:
Tryggleiksalarm skal bidra til at den enkelte føler tryggleik i eigen heim, og slik har moglegheit til fortsatt å leve og bu sjølvstendig. Tryggleiksalarmer brukar mobilt nett.
Velferdsteknologi:
Fedje kommune tilbyr ulike andre teknologiske løysingar som digital medisindispenser og GPS-støttede alarmer. GPS-støttede alarmer tillater deg som ynskjer sjølvstendighet og mobilitet å forlate huset når du ynskjer det og moglegheiten til å få hjelp når du treng det.
Omsorgsløn:
Omsorgsløn gis til omsorgsytar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid/ meirarbeid og der omsorg fra nettverket rundt hjelpetrengande anses som naudsynt.
Hjelpemidlar:
Hjelpemiddelkontakt har ansvaret for administrering og organisering av hjelpemidlar til heimebuande.