Dagopphald

Dagopphold ved Fedje sjukeheim.

Tilbodet er for eldre som bur heime i Fedje kommune. På sjukeheimen får du tilbod om å delta på sosiale aktivitetar og ete middag i lag med andre.

 

Mål for tenesta

Dekker grunnleggjande behov som samvær, sosial kontakt, fellesskap og aktivitet i henhold til forskrift om kvalitet i pleie-og omsorgstjenestene av 27.06.2003.

Vedlikehald av funksjonar med fokus på kvardagsmeistring, slik at brukar kan bli buande lengre i eigen heim.

Letter omsorgsbøra for den/dei med særleg tyngande omsorgsarbeid, jfr Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, bokstav d, om tenesta er gjeve som avlastning.

 

Tilbodets omfang:

  • Du kan søkje om opphald inntil 5 dagar i veka. Søknaden din vert vurdert ut i frå kva du ønskjer og kva kapasitet sjukeheimen har for tida til å ta imot brukarar.
  • Du kan få tilbod om middag.
  • Du får servert mellommåltid.
  • Du får aktivitetstilbod.
  • Du får møte andre menneske.

 

Krav til søkjar:

  • Du bur heime og har nytte av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre.
  • Du bur på Fedje.
  • Du ønskjer å møte andre og har vanskar med å komme deg ut av huset på eigen hand.

 

Tidspunkt for dagopphald:

Frå kl.09.30 til 13.30.

 

Transport:

Du må sjølv betale for transporten. Sjukeheimen kan hjelpe å organisere transporten. Du kan sjekke om du oppfyller krava for TT kort.

 

Pris for dagopphold:

Kr 80,- utan middag.

Kr 185,- med middag.

 

Korleis søkje om dagopphold?

Klikk her for å laste ned søknadsskjema

eller du kan ta kontakt med sjukeheimen for å få tilsendt søknadsskjema.

Søknaden vert vurdert av inntaksnemda, som vil ta kontakt med deg dersom dei treng fleire opplysningar av deg.

 

Klage

Vedtaket kan klagast på. Klagen bør grunngjevast og utformast skriftleg. Klagen skal sendast til: Fedje kommune, pleie og omsorg, Mulevegen 18, 5947 Fedje. Klagefristen er 3 veker frå du fekk tilsendt vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vil saka verte sendt til Fylkesmannen for endeleg handsaming, jf. Lov om pasient- og brukarrettigheter § 7-2.

 

Heimel

Lov om pasient- og brukerrettigheter av 02.07.1999 nr 63,
Kap 2-1a. 2.ledd: Pasient og bruker har rett til nødvendige helse- og omsorgstjenester fra kommunen.
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.. Vedtatt 24.06.2011 nr 30,
Kap 3. Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester. For å oppfylle dette ansvar skal kommunen ihht §3-2, punkt 6, bokstav c. plass i institusjon, herunder sykehjem.
Tjenesten kan også gis som et avlastningstiltak, ihh §3-2, punkt 6, bokstav d.
Forskrift om sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie, kapittel 2, § 2-1, g  Dagopphold

”Boform etter denne forskrift skal gi heldøgnsopphold. I tilknytning til oppholdet skal det være organisert legetjeneste, fysioterapitjeneste og sykepleiertjeneste i samarbeid med andre deler av den kommunale helse-og sosialtjeneste.

Boformen skal være innrettet på ein eller fleire oppgåver:

g) dagopphold”


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 19.01.2021