Ledsagerbevis

Ordningen med ledsagerbevis vert vedtatt og administrert av bustadskommunen, men er gyldig for heile landet dei stadene ordninga aksepterast.

 

Slik søkjer du

Send inn elektronisk søknadsskjema

  

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

 

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år

 

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

 

Kven kan være ledsager?

Du bestemmer sjølv kven som tas med som ledsager. Ledsager kan for eksempel vera en ven, familiemedlem eller støttekontakt. Ledsager får ikkje godtgjering med mindre det inngår i ein anna avtale, for eksempel i eit oppdrag som støttekontakt.

 

Fornying av følgjekort

Ved fornying av følgjekort skal det eksisterande følgjekortet leverast inn ved utlevering av det nye.

Bruk same søknadsskjema som ved førstegongssøknad, men legg til at det gjeld fornying av eksisterande følgjekort i feltet: "Grunngjeving for søknaden". Merk at dersom situasjonen din har endra seg må du føra det på i same felt.

 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

 

Varighet

Ved utstedelse av beviset vurderer kommunen kor lenge beviset skal vera gyldig, det kan gis tidsbegrensa eller varig gyldighet. Gyldighetsdato påføres beviset.

 

Klage ved avslag på ledsagerbevis

Om du får avslag på søknad om ledsagerbevis, må det stå ein begrunnelse på kvifor du får avslag. Du kan klage på avslag i henhold til Forvaltningslova § 28, 2.ledd og kommunen skal gje deg veiledning om korleis du klager.

Klagen skal sendast til kommunen, som deretter skal vurdere søknaden din på nytt.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 31.01.2023