HjemHelse, sosial og omsorgHelsetenesterFysioterapi og ergoterapi

Fysioterapi og ergoterapi

Besøksadresse

Fysioterapitenesta/Ergoterapeut
Stormarkvegen 50 (Helsestasjonen),
5947 Fedje

Kontakt

Fysioterapaut Mathias Stangeland

Telefon: 40 43 84 94

Epost: mathias.stangeland@fedje.kommune.no 

 

Ergoterapeut Hrafnhildur Jona Hrafnsdottir Øksnes (Hrabba)

Telefon: 96 62 64 65

E-post: hrabba@fedje.kommune.no

 

Fysioterapitenesta

Den kommunale fysioterapitenesta  sine oppgåver omfattar førebyggande og helsefremmende tiltak, undersøking og behandling, habilitering og rehabilitering.

Fysioterapeuten samarbeidar med

  • Psykisk helse og rus
  • Helsesjukepleiar
  • Skule
  • Sjukeheim 
  • Legetenesta 
  • Region Nordhordland via fagråd 

Du treng ikkje tilvising frå lege for oppfølging av kommunal fysioterapeut.

 

Følgjande pasientgrupper vert prioritert:

  • Barn.
  • Palliative pasientar.
  • Postoperative pasientar.
  • Alvorleg skade eller sjukdom der tidleg oppfølging kan vere avgjerande (dette gjeld og ved forverring/funksjonsfall hjå kronisk sjuke).
  • Gravide.
  • Sjukemeldte eller dei som står i fare for å bli sjukemeldt.

 

Kva får du?

  • Undersøking og vurdering
  • Behandling og oppfølging
  • Gruppetrening
  • Rettleiing av brukar, personale eller pårørande
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel

Har du behov for hjelpemiddel for ein periode, kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret.

Fysioterapeuten samarbeider med ergoterapeuten om formidling av hjelpemiddel.

Tenesta er for barn, vaksne og eldre som bur eller oppheld seg i kommunen.

 

Kva kostar det?

Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje å betale eigenandel hos fysioterapeut.

Alle andre betalar eigendel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort. Taket for frikort er 3040,- for 2023.

 

Ergoterapitenesta

Ergoterapi skal bidra til at meiningsfulle aktivitetar vert moglege, uavhengig av personen sin fysiske eller psykiske funksjon. Ergoterapeuten kartlegg, tilrettelegg, lærer opp, trener, formidler hjelpemiddel og tilpassing av bustad med meir.

Fedje kommune har ergoterapeut i 25% stilling.

Ho held til på helsestasjonen, men du kan elles ringe telefon 96626465 og  sende e-post til hrabba@fedje.kommune.no»


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 13.06.2018