Folkehelse

Kva er folkehelse?

Folkehelse er helsetilstanden til befolkninga, kva som påverkar helsa, og korleis folkehelsa fordeler seg hjå innbyggjarane. Målet med folkehelsearbeidet er fleire år med god helse i befolkninga og reduksjon av sosiale helseskilnader. Folkehelsearbeid er alle sitt ansvar.

Folkehelseloven

Folkehelseloven legg klåre føringar for kommunen sitt ansvar for helsa til befolkninga. Kommunen sitt folkehelsearbeid skal fremja folkehelsa, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve og bidra til å førebyggja psykisk og somatisk sjukdom, skada eller liding og dessutan redusera sosiale helseskilnader. Helsa i befolkninga varierer mellom ulike grupper etter inntekt, utdanning, yrke, kjønn og etnisk og kulturell bakgrunn. Det er eit stabilt mønster der helsestatusen gradvis vert betre jo høgare i det sosioøkonomiske hierarkiet folk er – helsegradienten.

Folkehelsearbeid

Folkehelsearbeid er den totale innsatsen til samfunnet for å fremja helse og førebyggja sjukdom i befolkninga. Det er ikkje ei konkret teneste, men summen av alt vi gjer og korleis det påverkar helsa og livskvaliteten til dei som bur i kommunen. Helsa til befolkninga vert påverka av mange ulike faktorar, både på individ- og samfunnsnivå.

Døme på tema som kan inngå i folkehelsearbeidet er oppvekst- og levekårstilhøve, fysisk tilrettelegging, sosiale miljø, livsstil, skadar og ulukker, og informasjon til befolkninga om kva som fremjar helse og førebyggjer sjukdom.

Kommunen skal ha oversyn over helsa i befolkningen og følgja opp folkehelseutfordringar gjennom planstrategien til kommunen, planar og tiltak. Dette er avgjort i folkehelseloven, som seier at kommunen skal jobba både systematisk og tverrfagleg med folkehelse.

Sjå Fedje kommune si folkehelseoversikt med bilete

Folkehelsekoordinator

Folkehelsekoordinator skal vera pådrivar og koordinator for kommunen sitt folkehelsearbeid. Sentrale oppgåver er å fremja folkehelseperspektivet i plan- og utviklingsarbeid, og gje faglege råd i saker som har innverknad på folkehelsa.

Folkehelsekoordinator vil ha som hovudoppgåve å fremja, integrera og koordinera folkehelse i alle ledd i kommunen, og samarbeida med andre offentlege tenester, frivillige lag/organisasjonar og privat næringsliv om gjennomføring av helsefremjande tiltak for befolkninga i Fedje kommune.

Folkehelsekoordinator deltar i interkommunale og regionale nettverk innanfor folkehelse. Folkehelsekoordinator har oversyn over helsetilstanden i befolkninga og påvirkningsfaktorar. Han set fast mål og strategiar for folkehelsearbeidet som er eigna til å møta kommunen sine helseutfordringar og set i verk naudsynte tiltak.


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 23.11.2018