Gonoré

Gonorè er svært smittsamt, og det er grunn til uro for auken. Kommunen oppfordrar unge til å testa seg, og bruka kondom.

Fakta om gonoré

Gonoré er ein seksuelt overførbar infeksjon som smittar lett. Ikkje alle får symptom, og det kan difor vera vanskeleg å oppdaga at du er smitta.

Det er svært viktig at du brukar kondom ved sex, og testar deg om du har gløymt å bruka kondom. Hugs at det er berre kondom som beskyttar mot seksuelt overførbare sjukdomar, så bruk det i tillegg til anna prevensjon. Bruk også kondom på sexleiketøy.

Meir informasjon om gonorè finn du her (lenker til eksterne sider):

Visste du at du kan bestilla gratis kondomar på helsenorge.no? Trykk her for meir informasjon

Testing på legekontoret

Treng du å ta ein gonoré-test? Ta kontakt med Legekontoret på 56164031, eller kommunen sin helsestasjon, ring Servicekontoret på 56165100.


Sist oppdatert: 13.03.2023
Publisert: 13.03.2023