Akuttberedskap i barnevernstenesta

Vakttelefonen er open frå kl. 15.35 – 08.00 kvardagar og døgnopen i helgar.

Kontakt til denne telefonen skal kun nyttas for situasjonar som krev akutt inngripen. For øvrig kontakt skal barneverntenesta kontaktast i vanleg opningstid kl. 08.00 – 15.30.

Trykk her for kontaktinformasjon på dagtid

Du vil møte ein kvalifisert tilsett frå barnevernstenesta når du ringer. Vi gjer merksam på at det er ein sovande vakt som svarar deg på nattetid.

Telefonen kan nyttast i situasjonar kor born og unge er i ein situasjon kor det er behov for akutt hjelp frå barnevernstenesta. Døme:

Born og unge som er i akutt behov for beskyttelse

Born og unge som står utan omsorg

Når du tek kontakt vil følgjande bli vurdert:

Om situasjonen kan avhjelpast ved råd og rettleiing

Om situasjonen er akutt og hjelp må setjast i verk

Beredskapen gjeld for innbyggjarar i Alver, Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden kommune.

 


Sist oppdatert: 08.08.2023
Publisert: 01.06.2018