HjemBarnehageSøkje avslag i prisen

Søkje avslag i prisen

Ordninga er for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn enn 592.167 kroner.

 

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 566.100,- per år som har 2, 3, 4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

Frå 1. august 2021 er inntektsgrensa kr 583.650,-.

 

Her finn du meir info om foreldrebetaling 

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 14.06.2018