HjemAktueltNyheiterVil du bli vertsfamilie for fyktningar?

Vil du bli vertsfamilie for fyktningar?

Vertsfamilie??

Me har vald å bruke ordet "vertsfamilie", fordi familien skal "guide" våre nye innbyggjarar i vår kommune. De skal vere ein vert i kommunen for å visa alt me har å by på. I dette tilfellet meiner me ikkje ein vertsfamilie brukt i samanheng med studentutveksling - dei skal ikkje bu hos ein familie. Flyktningane skal bu for seg sjølve, men kan gjerne ha ein "ven" som hjelper dei å bli betre kjend med alt me har å by på, samt bli kjend med andre Fedjingar.

 

Kven kan bli vertsfamilie?

Me seier familie, men å stille som vert lar seg sjølvsagt gjere av enkeltpersonar. Eigentleg kan alle som ynskjer at flyktningane skal finna seg fort til rette i vår kommune og at dei skal trivast med å bu her, stille som vert. Enkeltpersonar, ektepar, barnefamiliar, ung, gammal, norsk eller utanlandsk bakgrunn. Så lenge du har eit varmt hjarte ovanfor våre nye Fedjingar så kan du bli vert.

 

Kor forpliktande er det å vere vert?

Sidan vertsfamiliane stiller opp frivillig, så kan me ikkje pålegge dykk faste oppgåver. Men me ynskjer at de i alle fall gjennomfører tre aktivitetar i lag, og håpar sjølvsagt at det klaffar mellom dykk slik at de held fram med kontakten også seinare.

 

Må eg kunna snakke eit anna språk enn norsk?

Nei absolutt ikkje. Det er sjølvsagt lettare om de kan snakka i lag. Men det er absolutt ikkje en must. Flyktningane går i eit opplæringsprogram der dei kjapt lærer seg basis ord i norsk. Om du snakkar sakte og tydeleg norsk og brukar mykje kroppsspråk, så skal du sjå at dykk sakte men sikkert greier å forstå kvarandre.

 

Kor mykje tid må eg bruke som vert?

Det bestemmer du heilt sjølv! Har du god tid, så kan de finne på aktivitetar i lag, alt frå å ete ein fellesmiddag til ein båttur/fisketur eller ein tur i løypa. Har du sjølv ein travel kvardag, kan det også godt fungere om du tar flyktningane med på dine eigne aktivitetar. Formålet med ordninga er at flyktningane på ein uformell måte blir kjend med alt av aktivitetar, lag og foreiningar, turstiar og alt anna som finns i kommunen vår.

 

Har du lyst å stille som vertsfamilie?

Ta då gjerne kontakt med flyktningkoordinator Anita Hatlem Villanger på tlf: 40212788 for ein heilt uforpliktande samtale.


Sist oppdatert: 30.05.2022
Publisert: 30.05.2022