HjemAktueltNyheiterVil du bidra til pepperkakelandsbyen på Sjukeheimen?

Vil du bidra til pepperkakelandsbyen på Sjukeheimen?

Sjukeheimen ynskjer igjen å lage ein eigen pepperkakelandsby, og det må me ha hjelp til. Samtidig vil me lage litt konkurranse om kven som byggjer det finaste og  det mest kreative/morosamste huset, og under julebordet på sjukeheimen trekkjer vi eit til hus som får premie.

Me vil invitere alle Fedjingar til å lage eit pepperkakehus eller -båt eller -bil og levere det innan 05. desember til sjukeheimen. Utstillingen av pepperkakebyen kan beundrast i gangen frå i dag og i heile desember. Alle er hjarteleg velkomen!

Kåringa vil foregå under årets julebord 09.desember. Alle som kjem innom før julebordet kan avgi sin stemme saman med dei som deltar på sjukeheimen sitt julebord. Sjølvsagt ventar det premie for det finaste huset, for det mest kreative huset og for det huset som vert trukka.

Ved spørsmål ta kontakt med Nadine på tlf: 46 84 60 11.

LYKKE TIL!


Sist oppdatert: 05.05.2023
Publisert: 21.11.2022