HjemAktueltNyheiterVelkommen til småbarnstreff på Familiens Hus

Velkommen til småbarnstreff på Familiens Hus

Småbarnstreff er ein gratis møteplass for deg som er heime med små born i alderen 0-6 år. Og du som snart venter born er hjarteleg velkommen. Her kan du bli kjent med andre foreldre, utveksle erfaringar eller berre vere saman med andre. Målsettinga er å bidra til å bygge nettverk mellom vaksne og barn via felles møteplassar og aktivitetar.

Det vil bli lagt opp til at ein vil kunna møta dei ulike fagtilsette ved Familiens hus som helsesjukepleiar, jordmor, fysioterapeut, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar, flyktningkoordinator.

Opningstid er måndager 12:15 – 13:45 på Familiens Hus.

Det er opent for alle, du treng ikkje å melde deg på. 

 

• Lett servering – ta gjerne med eigen matpakke
• Me har vannkokar og mikrobølgeovn disponibelt, om nokon skulle ha behov for å varme noko.
• Me har utstyr og leiker som alle kan nytte seg av, så lenge det blir rydda på plass igjen.
• Me følger skuleruta og har stengt i skuleferiar.
• Leiast av Anita Hatlem Villanger, som kan nåast på telefon 56 16 51 15

 

Kom saman med barnet ditt! Me gler oss til å bli kjend med dykk – gjennom triveleg samvær og leik.


Sist oppdatert: 10.09.2024
Publisert: 10.09.2024