Velkomen til nytt skuleår
Håper de alle saman har hatt ein fin sommarferie, og er klar for skulekvardagen igjen! Vi på skulen er iallfall klar for eit nytt skuleår, med nye fagplanar og ei litt anna organisering av klassane.
Utdanningsdirektoratet har innført ein trafikklysmodell som fortel kva nivå vi er på når det gjeld smitteverntiltak, dette kan du lese meir om her:
Trafikklysmodell
Grønt nivå kjennetegnes ved at barnehage- og skolehverdagen kan organiseres som normalt. Det vil si vanlig organisering av avdelinger og klasser.
På gult nivå kan hele avdelinger og skoleklasser regnes som en kohort. Det betyr at hele skoleklasser og avdelinger kan være samlet. Barnehagene og skolene må fremdeles ha flere tiltak for å redusere kontakt og holde avstand mellom ansatte og elever. Ved gult nivå vil det i utgangspunktet ikke være behov for å gjøre avvik fra opplæringsloven.
På rødt nivå skal elevene og barna deles inn i mindre grupper og kohorter, og det kan være nødvendig å begrense oppmøte i barnehager, skoler og SFO. Barnehagene og skolene må vurdere ulike oppmøtetider for elevene og sørge for at elevene og ansatte holder avstand til hverandre.
(Henta frå udir.no )
Meir informasjon om dette kjem seinare. Vi byrjar første skuledag på gult nivå.
Vi kjem til å dele inn elevane i 3 kohortar. To kohortar kan samarbeide, og kan opphalde seg i same rom/område ute. Kohortar som ikkje samarbeider kan opphalde seg i same rom/uteområde, men det må då være to meter mellom kohortane. Difor vert det ikkje felles samling for alle elevane første skuledag.
FØRSTE SKULEDAG MÅNDAG 17. AUGUST
Hugs å vaske henda før du går heimanfrå og sprite henda når du går inn på skulen.
Kl. 08.30 – 09.00 møter 1-7 klasse i kantina for felles oppstart. Føresette til elevar i 1 klassen er hjarteleg velkomne til å følgje sitt born.
Kl. 09.00-09.30 møter 8-10 klasse i kantina for felles oppstart.
Elevane på ungdomsskulen møter kl. 09.00. Dei som følgjer drosja til skulen tek denne til vanleg tid, og kan vente i klasseromma. Alle må hugse å vaske hender før dei kjem på skulen, og å sprite henda før dei går inn. Det vil være vaksne som hjelper til med å halde orden i køen.
Fint om de heime kan snakke om at vi framleis skal halde 1 meter avstand, unngå fysisk kontakt mellom personar og ha god hygiene. Hugs at ingen som er sjuke skal møte på skulen.
FORELDREMØTE
Det vert foreldremøte tysdag 1 september. Vi kjem tilbake med meir informasjon om korleis vi skal gjennomføre møtet.
SKULEKVARDAGEN
Det blir litt endringar i organiseringa av grupper dette skuleåret. Vi har 6 grupper som vil ha kvar sin kontaktlærar. Dei vil vera delt i mange timar, men og ha timar saman.
Tysdagar er det kort skuledag for alle elevane, og det blir gitt tilbod om leksehjelp for 5. til og med 8. klasse frå kl. 11.50-13.00. I år har ungdomsskulen tre lange dagar.
SFO
SFO har vanleg drift framover. Berre hugs at de framleis må ringe/sende melding når de skal hente på SFO. Bruk mobilen på SFO til slike meldingar.
For tinging av tidleg SFO, endring av tider og liknande ta kontakt med skulen. Send gjerne melding på skulen sin mobil, men hugs at de må ha fått svar for å vite at det er stadfesta.
KLASSANE/GRUPPANE
Tal elevar kontaktlærar rom
På nyeskulen: (kohort 1)
- klasse: 5 Gro Svendsen B
- og 3. klasse: 12 Lene Johansen E
På gamleskulen nede: (kohort 2)
4. og 5. klasse: 11 Lisbeth Stuberg 2
6. og 7. klasse: 13 Tove Nordseth 1
På gamleskulen oppe: (kohort 3)
8. og 9. klasse: 12 Kamilla B. Karlsen 5
10. klasse: 8 Elisabeth G. Tungland 6
1.-3.klasse |
Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
8.30 - 9.15 |
|
|
|
|
|
9.15 – 10.00 |
|
|
|
|
|
Frim. 20 min |
|
|
|
|
|
10.20 - 11.05 |
|
|
|
|
|
11.05 - 11.50 |
|
|
|
|
|
Frim. 30min |
|
|
|
|
|
12.20 - 13.05 |
|
|
|
|
|
13.05 - 13.50 |
|
|
|
|
|
4-7.klasse |
Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
8.30 - 9.15 |
|
|
|
|
|
9.15 – 10.00 |
|
|
|
|
|
Frim. 20 min |
|
|
|
|
|
10.20 - 11.05 |
|
|
|
|
|
11.05 - 11.50 |
|
|
|
|
|
Frim. 30 min |
|
Leksehjelp |
|
|
4.kl fri |
12.12 - 13.05 |
|
5., 6. og 7.kl |
|
|
|
13.05 - 13.50 |
|
|
|
4.kl fri |
|
8.-10.klasse |
Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
8.30 - 9.15 |
|
|
|
|
|
9.15 – 10.00 |
|
|
|
|
|
Frim. 20 min |
|
|
|
|
|
10.20 - 11.05 |
|
|
|
|
|
11.05 - 11.50 |
|
|
|
|
|
Frim. 30 min |
|
Leksehjelp |
|
|
|
12.20 - 13.05 |
|
For 8.kl |
|
|
|
13.05 – 13.50 |
|
|
|
|
|
Frim. 5min |
|
|
|
|
|
13.55 -14.40 |
|
|
|
|
|
14.40-15.25 |
Arb.livsf. |
|
|
|
|
TIMEPLANANE
NB! Dette er timeplanane som gjeld ved grønt og gult nivå. Ved overgang til raudt nivå vil vi måtte gjere tilsvarande endringar som før sommarferien.
KONTAKT
Kontoret på skulen: mobil 966 25 266 / 56 16 51 20
SFO-telefonen: mobil 945 06 766
NB! Brev og informasjon frå skulen vil i størst mogleg grad bli sendt ut digitalt dette skuleåret. Dersom de ikkje har ei digital postkasse blir breva automatisk sendt som brevpost. Då tar de lang tid frå vi sender det til de mottek breva. Vi kan ikkje sjå kven av dykk som har ei digital postkasse, og kven som ikkje har det. Så vi oppfordrar alle til å opprette ei slik postkasse!
Eg gler meg til å ta fatt på eit nytt skuleår, og til å møte elevane igjen!
Med helsing
|
|
Mona Vabø |
|
Rektor |
|