Vasstårnet vert vaska

Fedje kommune har beslutta å vaska vasstårnet. Dette medfører at me må stenge vatnet mens arbeidet pågår. Vatnet vil difor vere stengt frå torsdag 2. mai klokka 13:00 til fredag 3. mai klokka 07:00. Me anbefaler å tappe nok vatn til hushaldningen før arbeidet startar.

Vasstanken i Kalvedalen vert henta for påfyll av vatn i ettermiddag, og vil difor vere vekke i nokre timar. Dette gjer me for å sikre at me har full tank til morgondagen. Me ber dei som har lånt vasskanner av kommunen om å levere dei tilbake fortløpande slik at dei kan nyttast på ny. 

Når vatnet er tilbake må ein tappe frå første tappested til vatnet vert blankt.

Minner om at vasstanken i Kalvedalen kun skal brukast til drikke og matlaging. Vatn som skal nyttast til toalett og hygiene kan tappast frå springen på førehand.


Sist oppdatert: 01.05.2024
Publisert: 01.05.2024