Val 2021

Tidlegrøysting og førehandsrøysting

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 13. september, eller i den ordinære førehandsrøysteperioden 10. august til 10. september, kan du røyste tidleg frå og med 1. juli til og med 9. august.

I Fedje kommune kan du tidlegrøysta etter avtale på sørviskontoret i kommunen. ("Gamlebanken" sine lokaler Kalvedalen 1.)

Opningstida er frå klokka 09.00 til klokka 15.00 måndag til fredag. Ønskjer du tidlegrøysting må du gjera ein avtale om dette. Ein kan ringja 56165100 eller senda ein e-post til postmottak@fedje.kommune.no for avtale.

Førehandsrøysting

Ein kan førehandsrøyste frå 10. august til og med 10. september på sørviskontoret i kommunen. ("Gamlebanken" sine lokaler Kalvedalen 1.)

Opningstida er frå klokka 09.00 til klokka 15.00 måndag til fredag.

Det vil og vera ope for førehandsrøysting laurdag 28. august  frå klokka 11.00 til klokka 13.00 og laurdag 04. september frå klokka 11.00 til klokka 13.00.

Det vert førehandsrøysting på Fedje sjukeheim:

onsdag 8. september klokka 10.00 til klokka 12.00.

Siste frist for å førehandsrøysta er fredag 10. september klokka 15.00.

Røysta heime

Er det vanskeleg for deg å komma deg til røyste lokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen? Då kan du i perioden frå 10.august fram til 10. september klokka 10.00, søkja om å røysta heime. Du kan ringja til Fedje kommune telefon 56165100 eller 90669831 og gjera ein avtale om å røysta heime.

Val i pandemi

Set du i karantene eller isolasjon grunna Covid-19 kan du røysta heime og på sjølve valdagen 13. september.

Du må melda frå om at du ynskjer røysta heime grunna karantene eller isolasjon seinast innan klokka 10.00 på sjølve valdagen 13. september.

Røysterett og manntall

Står du i manntallet? Manntallet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune.

Manntalet vert lagt ut medio juli 2021. Manntalet for Fedje vil verta tilgjengeleg hjå fellestenester sine lokale i Gamlebanken, på Matkroken, og på Fedje folkebibliotek.

Les meir her:

Stemmerett og manntall - Valgdirektoratet

Valdagen 13.september

På valdagen 13. september kan du røysta i Fedje fleirbrukshall

Røystelokalet vil vera ope frå klokka 10.00 til klokka 20.00.

Sit du i karantene eller i isolasjon grunna Covid-19, kan du få røysta heime på valdagen, du må då meldar frå til Fedje kommunen innan klokka 10.00 måndag 13. september.

Grunna strenge smittevernstiltak kan me ikkje vera for mange i røystelokalet samstundes, det kan medføra at du må venta utanfor Fleirbrukshallen til det er ledig i røystelokalet.

 

Godt val !


Sist oppdatert: 07.09.2021
Publisert: 11.06.2021