HjemAktueltNyheiterKoronavaksinering på Fedje

Koronavaksinering på Fedje

Dei som skal ha tilbod om koronavaksine på Fedje er alle vorte kontakta på telefon og er no ferdig vaksinerte eller dei har fått time til vaksinering. Nokon lurer på om dei skal ha tredje dose koronavaksine. Dei dette gjeld vert kontakta av spesialisthelsetenesta og tek då vidare kontakt med helsesjukepleiar for å få time til vaksinering.

Om du tidlegare ikkje har tatt imot tilbod om koronavaksine men ynskjer vaksine er det fint om du snarleg tek kontakt med helsesjukepleiar. Det er leveringstid på vaksinene og dei må nyttast innanfor ei viss tid. Det er også slik at me må bruka alle dosene me får når me fyrst bestiller.

Med helsing

Kommuneoverlege Ernst Horgen

Helsesjukepleiar Kjersti Torstensen tlf: 56 16 51 17


Sist oppdatert: 27.09.2021
Publisert: 27.09.2021