HjemAktueltNyheiterInformasjon frå rektor: raudt nivå på ungdomsskulen

Informasjon frå rektor: raudt nivå på ungdomsskulen

 Søndag 3. januar vart det bestemt at alle ungdomsskular i Noreg bør over på raudt smittevernnivå frå 4. til 18. januar. I områder med høgt smittenivå bør ein og vurdere om barneskulane skal vera på raudt nivå. Slik smittevernsituasjonen er her på Fedje ser vi ikkje at det er naudsynt med raudt nivå for 1-7 klasse, men at vi følgjer dei nasjonale råda og innfører raudt nivå for ungdomstrinnet.

 

I dag har 8-10 klasse hatt heimeundervisning slik at vi har fått sett over dei planane vi har for raudt nivå, og kvalitetssikra dei tiltaka som vert sett i gang. Frå og med i morgon er alle elevane igjen velkomne på skulen. Det vert nokre endringar som gjeld for elevane i 4-7. klasse, og nokre som berre gjeld for ungdomsskulen.

 

Det viktigaste er at alle er flink til å følgje dei smittevernreglane som vi no kjenner godt:

-        Ikkje kom på skulen om  du er sjuk

-        Hald avstand med minst 1 meter

-        Hugs å vaske henda

 

Når elevane kjem på skulen

 

Skuledagen startar som normalt kl. 08.30 for alle elevane. Men, det vert endring i kven som nyttar kva inngang:

-         4-7 klasse nytter hovudinngangen. Denne vert låst opp kl. 08.20.

-        8-10 klasse nyttar naudutgangen. Dei vert henta av faglærar når det ringer inn. Det vil seie at dei ikkje kan gå inn før skuledagen startar, og vi oppmodar dei om ikkje å komme på skuleplassen før dei skal inn.

Elevane må hugse at dei skal sprite eller vaske henda når dei kjem på skulen.

 

Når elevane er på skulen

 

Alle må hugse på å halde god avstand.

 

Endringar når det gjeld undervisning:

 

-        Til no har mellomtrinnet hatt undervisning på delingsrommet til 8 klasse tysdagar. Denne undervisninga vert flytta til musikkrommet.

-        Hallen og symjehallen er berre open for barneskulen. Det vert difor ikkje noko endring på deira timeplan. Undervisninga i kroppsøving og valfag (fysisk aktivitet og helse) må vera i klasserommet eller ute for ungdomsskuleelevane. Det vert heller ikkje symjing for ungdomsskulen.

-        Faga «musikk» og «naturfag for ungdomsskulen vert gjennomført i klasseromma.

-        Faga «kunst og handverk» og «mat og helse» for ungdomstrinnet vert gjennomført i klasseromma eller som heimeundervisning.

-        Språkfaga vert gjennomført på skulen, mens arbeidslivsfag kan ha heimeundervisning.

-         Elevane vert informert via vekeplanen om kva timar som vert gjennomført som heimeundervisning. Dei må ha med seg PC heim kvar dag.

 

Andre endringar

 

Friminutta vert gjennomført til same tid som før 10.00-10.20 og 11.50-12.20. Elevane nyttar same inngang/utgang som ved skulestart, 4-7 nyttar hovudinngang og 8-10 nyttar naudutgangen.

 

Uteområdet er inndelt som før.

 

Det er berre elevane i 4-7 klasse som kan nytte kantina. Ungdomsskuleelevane kan vera i eige klasserom og ute i friminutta.  

 

Det vert ingen endring når det gjeld tilgang til toaletta. Dei er framleis delt inn etter kohortane, og ikkje etter kjønn.

 

For å hjelpe elevane til å overhalde smittevernreglane vil det vera ekstra vakter i alle friminutt. Av den grunn vert det ikkje gjennomført TL- aktivitetar i friminutta dei neste 14 dagane. Planen for dette vil komme i løpet av kort tid.

 

Med desse tiltaka håpar vi å hindre auka smitte på Fedje. Dess flinkare vi er saman, dess fortare kan vi vi vone at vi er tilbake i normal drift att!

 Med helsing

Mona Vabø

Rektor

 


Sist oppdatert: 04.01.2021
Publisert: 04.01.2021