HjemAktueltNyheiterVelkommen til møte med ekspertutvalet for U-864 for busette på Fedje

Velkommen til møte med ekspertutvalet for U-864 for busette på Fedje

Formålet med møte er dialog, der me får fortalt kva me meiner og dei ønskjer å skape tillit til den løysinga dei til slutt landar på. Sjølv har eg vert i grupper som har peikt på fleire av dei som er med i utvalet og har stor tillit til den jobben dei gjer. Eg vonar at mange av dykk vel å bruka noko av tida dykkar til å møta dei.

Ein kan møte dei i tida 13.30 til 15.30. For å klare å organisere dette ønskjer eg at de varslar meg i forkant med forslag til tidspunkt, så skal eg etter beste evne sette dette opp etter ønskje. Om ein møter dei i små grupper eller enkeltvis er avhengig av kor mange som vil treffe dei.

 

De kan melde dykk på via mail til: Stian.Heroy@fedje.kommune.no eller sms til 99431520

 

Med venleg helsing

 Stian Herøy

Ordførar Fedje


Sist oppdatert: 31.08.2021
Publisert: 31.08.2021