HeimNyheterTreng du å teste deg for korona?

Treng du å teste deg for korona?

Koronatest

Regjeringa har innført nye reglar for testing, isolasjon, smittesporing og karantene (nedjustert TISK). Endringa inneber at du som innbyggjar har ein større del av ansvaret for testing og smittesporing.

Dette er ledd i overgangen til ein normal kvardag med auka beredskap, der me skal handtere koronaviruset på same måte som andre infeksjonssjukdomar, til dømes influensa.

Kven skal teste seg?

  1. Har du symptom skal du sjølv sjekke om du har fått korona med å ta ein test. Dette gjeld også for deg som er vaksinert.
  2. Har ein du bur med eller er tett på (kjærast eller liknande) fått påvist korona, anbefaler me at du går i karantene. Alternativt kan du ta ein test.
  3. Er du annan nærkontakt til ein som er smitta skal du ikkje i karantene, men det er tilrådd at du tar ein test

Er du fullvaksinert eller har fått ein vaksinedose for meir enn tre veker sidan treng du ikkje vere i karantene eller teste deg sjølv om du er nærkontakt.

Testing for korona

Legekontoret på telefon              56 16 40 31

Pleie og omsorgsleiar telefon     56 16 51 42

Innbyggjararar kan få utlevert hurtigtest på servicetorget kvardagar frå kl. 09-15. I dei tilfella må ein ringje på førehand på telefon 56 16 51 00.

Dersom hurtigtesten er positiv og visar at du har korona, må du ta kontakt med legekontoret for ny test.

Dersom hurtigtesten er negativ, skal du halde seg heime når du er sjuk.

Nyttig informasjon

Ein finn mykje informasjon om korona via chatboten til helsedirektoratet eller ring den nasjonale informasjonstelefonen.

Informasjonstelefonen 815 55 015 er open på kvardagar frå 08.00 til 15.30.

Chatboten finn du nedst i høgre hjørnet på alle sidene til www.helsenorge.no
Dersom chatboten ikkje har svar til deg, kan du forsetje samtalen og be om å bli sett over til ein rettleiar. 


Sist oppdatert: 27.10.2021
Publisert: 27.10.2021