HeimNyheterTilskot til drenering

Tilskot til drenering

Det vert gitt tilskot med kr. 30 pr løpemeter til usystematisk grøfting og kr. 2000 pr daa til systematisk grøfting på jordbruksareal i drift. Fedje kommune har til fordeling i 2021 kr. 50 000 i statlege grøftemidlar. Du må søkja før arbeidet vert sett i gang.  

Har du planar om drenering av jordbruksjord dei neste åra? Ta kontakt med ditt landbrukskontor på 5637 5000 eller sjå heimesida til landbruksdirektoratet for meir informasjon.


Sist oppdatert: 24.03.2021
Publisert: 24.03.2021