HjemAktueltNyheiterTilskot for inkludering av barn og unge 2025

Tilskot for inkludering av barn og unge 2025


Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal få moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møtestader, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år, som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søkje:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar


Søknadsfrist:

1. november 2024


Slik søkjer du:

Set deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida til ordninga.

1. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema

2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida til tilskotsordninga for unntak frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida til ordninga for meir informasjon om desse).

Etter at du har sendt inn søknaden

Søknader som vert sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på eit avgjerande politisk eller administrativt nivå.
Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på nettsidene til Bufdir om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktperson i kommunen:

Anita Hatlem Villanger


Sist oppdatert: 08.10.2024
Publisert: 08.10.2024