HjemAktueltNyheiterSvømmebassenget

Svømmebassenget

Ventilasjonsanlegget i svømmehallen er som ein bruktbil – når me har vølt ein ting, finn me nye ting som treng å vølast…

I første omgang vart bassenget stengt fordi ventilasjonsanlegget i svømmehallen slutta å verke. Me måtte ha servicefolk utanfrå, og så måtte me vente på delar. Når dei kom, inntallerte gutta på teknisk delane – og me annonserte med glede at me skulle opne bassenget i veke 8. Så verka ikkje ventilasjonsanlegget likevel. Nytt problem ein ny stad i ventilasjonsanlegget. Me måtte tinge ny serviceteknikar og vente på ny del. I går var serviceteknikar her og installerte delen, fekk i gong att ventilasjonsanlegget – og me fekk ny stopp i natt (altså eit tredje problem), som me har tinga ny del til.

Men – det siste problemet er eit mindre problem – og me prøver difor å opne opp att bassenget før helga denne veka (veke 9). Me må likevel åtvare om at vatnet er kaldare enn vanleg – det tek ei veke før bassenget er oppe i vanleg badetemperatur (og det er ikkje mogleg med varmt vatn allereie første måndag). Og om ventilasjonsanlegget skulle stoppe att på grunn av det tredje problemet, så må me diverre stenge att.

 

Oppsummert: Me forsøker å opne bassenget for bruk att frå 27.02.20. Me kan ikkje garantere opning. Vatnet er kaldare enn vanleg. Me håpar å få endeleg reparert ventilasjonsanlegget neste veke.

Takk for tålmodet!


Sist oppdatert: 26.02.2020
Publisert: 31.10.2019