HjemAktueltFriskliv og meistringBli med på ryddeaksjon 18. mars!

Bli med på ryddeaksjon 18. mars!

Vårryddedagen er ein nasjonal ryddekampanje der det kvart år vert fjerna store mengder avfall frå norsk natur, før ferdselsforbodet trer i kraft 15. april.

Målet med Vårryddedagen er å ha ein felles ryddedag når avfall kjem til syne etter snøsmeltinga, og før hekketida er i gang for fullt.

Har du lyst til å delta på vårryddedagen?

NGIR deler ut strandryddesekkar og hanskar til alle som vil rydde. Utstyr kan du hente i resepsjonen i Kjevikdalen måndag til fredag 08.00-15.30, eller i ein av strandryddekassane som er plassert ut i regionen: https://www.ngir.no/strandryddingogskulebesok/strandrydding

Du kan rydde langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar eller andre stader med eigarlaust avfall.

Registrer gjerne aksjonen din på www.ryddenorge.no eller i appen: Rydde

Når du er ferdig å rydde tar du kontakt med NGIR på strandrydding@ngir.no for å avtale henting av avfallet. Ønsker du å rydde større områder kan du avtale med oss om utplassering av konteiner.

Det er sjølvsagt lov å rydde på andre dagar i året, men me minner om at etter 15. april må ein ta ekstra omsyn når ein ferdes i områder der det kan vere hekkande fuglar.


Sist oppdatert: 16.03.2023
Publisert: 16.03.2023