STØDIG PÅ FOT
I januar og februar har det vore gjennomført fallførebyggjande gruppe i Fleirbrukshallen på Fedje. Fysioterapitenesta har hatt to studentar i praksis som har stått for gjennomføringa med rettleiing frå fysioterapeuten.
Det å førebyggje fall er viktig då det å falle er den mest vesentlege årsaka til skadar hos eldre. Mange vert redde for å falle når dei vert eldre og vert nervøse for at dei har nedsett balanse og med dette nedsett ganghastigheit.
For å førebyggje fall er det fleire faktorar ein kan sjå på, heimemiljø (t.d. belysning, lause gjenstandar og tepper), medisinering og fysisk funksjon.
Treninga har vore lagt opp med styrke- og balanseøvingar til musikk. Det har vore fokus på heile kroppen, men mest på å få styrke i beina og musklane rundt hofta og det å kunne bevege seg på forskjellege måtar.
Det har ikkje mangla på utfordringar for deltakarane, då dei har blitt losa gjennom løyper med varierande underlag, kaste ball på mål og trena på å koma seg opp frå bakken. Det siste frå ein tjukkasmatte.
Fysioterapeuten gjev dette tilbodet ein gong i året, og det er lagt opp med 2 treningar i veka i 8 veker. Vanlegvis vert deltakarane testa før oppstart og retesta etter siste trening for å kunne gjere målingar på om treninga har hatt effekt. I år fekk me ikkje gjort retestinga grunna Koronarestriksjonane, men dei andre åra har vist at denne treninga gir effekt der dei som har delteke har fått høgare ganghastigheit og auka styrke i beina. No er gruppa avslutta for i år, med mange fornøgde deltakarar, men de får følgje med på neste oppslag og bli med! Det er plass til mange fleire.