HjemAktueltNyheiterStatus for vaksinering i Fedje kommune

Status for vaksinering i Fedje kommune

Over 65 år og busett på Fedje?

Er det nokon som er busett på Fedje, som er over 65 år og som ikkje har fått innkalling til vaksinasjon, bør dei ringe til helsesjukepleiar Kjersti Torstensen. Ho har telefon 56165117 (torsdag/fredag)

Nytten av vaksinen:

  •  Den reddar liv
  •  Den hindrar alvorleg sjukdom
  •  Den hindrar smitte og stoggar pandemien
  •  Den gjer at sjukehusa kan prioritere andre som er alvorleg sjuke
  •  Den gjer at vi om nokre få veker kan opne samfunnet, og kanskje får vi eit vaksinepass

Er du i risikogruppe?

I aldersgruppa 18 til 64 år er det nokon som har prioritet. Vi veit om dei som har fastlege på Fedje, men andre er ukjente. Ta ein titt på denne lista, og er du i ei eller fleire av gruppene, tek du kontakt med kommuneoverlege Ernst Horgen, tlf. 56164031

  • Leversvikt pga leversjukdom
  • Immundempande behandling mot leddgikt, psoriasis, ulcerøs colitt , Crohn sjukdom
  • Sukkersjuke /diabetes der ein nyttar medisin
  • Kronisk lungesjukdom (KOLS, lungeoperert, alvorleg astma) der ein nyttar medisin
  • Alvorleg fedme ( BMI> 35)
  • Demens
  • Kronisk hjarte-karsjukdom (angina, hjarteinfarkt, tette blodkar, utposing) der ein nyttar medisin. Høgt blodtrykk er ikkje prioritert
  • Hjerneslag

 

Med venleg helsing

Ernst Horgen

Kommuneoverlege

 

Du kan lese generell informasjon om det nasjonale koronavaksinasjonsprogrammet på temasidene til folkehelseinstituttet:

Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI


Sist oppdatert: 25.05.2021
Publisert: 21.05.2021