HeimNyheterSommarferie for alle 2022

Sommarferie for alle 2022

Ferie for alle er eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med pressa økonomi. Mange barnefamiliar i Noreg har av ulike årsaker ikke moglegheit til å finansiere ferie- og fritidsopplevingar på eigenhand. Ferie for alle har difor sidan 2001 gitt tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar. Ferie for alle skal bidra til sosial deltaking og utvikling, nettverksbygging og inkludering.

 

Kven er Ferie for alle for?

  • Familien har minst eit barn i barneskulealder, 6-13 år (eldre og yngre søsken får sjølvsagt være med)
  • Familiens økonomi har vore svak over tid
  • Foreldre må kunne forstå/gjere seg forstått på norsk
  • Familien har budd i Noreg i minimum 3 år
  • Familien klarer seg sjølv uten tett faglig oppfølging


I sommarferien 2022 blir det ferieopphold på Jonatunet i Jondal, på Dyrkolbotn Fjellstove i Alver kommune og på Røde Kors senteret Merket i Valdres.

Familien bør vere glade i å vere utandørs og å vere aktive da ein er mykkje ute. Det vert lagt opp til aktiviteter for heile familien, med hovedfokus på barn i 6-13 årsalderen.

 

For meir info kan du her lese invitasjonen til ferieoppholdet.

Her finn du viktig informasjon til deg som påmelder.

 

Søknadsfrist er 27. mai.

Kontaktperson for påmelding er helsesjukepleiar Kjersti Torstensen. Ho kan nås på tlf: 56 16 51 17 eller 40 80 27 56.


Sist oppdatert: 06.05.2022
Publisert: 06.05.2022