HeimNyheterSøk om midlar frå Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn

Søk om midlar frå Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka støtte til to nye tiltakstypar:

1) utprøving av metodar/arbeidsmodellar for å inkludera barn og unge som er berørt av fattigdomsproblem, og

2) koordinering av samarbeidet mellom tenester, samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor, med mål om auka aktivitet for målgruppa.

Har de spørsmål ta kontakt med kontaktperson i Fedje kommune, Nadine Gutte-Preusse, på telefon 56 16 51 42 eller e-post nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

Her finn du søknadskjema og informasjon


Sist oppdatert: 16.11.2020
Publisert: 10.11.2020