HeimNyheterSkulen startar gradvis opp att 27.04.20

Skulen startar gradvis opp att 27.04.20

OPNING AV SKULEN   -    INFORMASJON TIL  HEIMANE

Frå måndag 27.04.20 skal skulen gradvis opne att, og no først er det 1. – 4. klasse som skal tilbake til skulen. Den 20.04. fekk alle skulane ein eigen smittvernrettleiar til opning av skulane igjen. Denne rettleiaren finn de her: UDIR - veileder om smittevern

Rettleiaren gjev retningslinjer for smittevern og tiltak me som skule skal gjennomføre for å gjere skulekvardagen trygg for elevar og tilsette.  Den inneheldt viktige tiltak og retningslinjer til heimane. I dette brevet finn du kva tiltak me her på Fedje gjer for å oppfylle retningslinjene frå Utdanningsdirektoratet.

Formåla med råda er å hindre utbrot av Covid – 19. Dei tre grunnpilarane for å hindre smittespreiing er:

  1. sjuke personar (lærarar, assistentar, elevar, foreldre, vaskarar, teknisk) skal ikkje være på skulen
  2. god hygiene
  3. redusert kontakt mellom personar.

Tiltaka som skal gjennomførast gjer at vi har gjort om på dei vanlege rutinane våre. Dette gjeld mellom anna endring av rutinar ved måltid, undervisning, timeplanar og  friminutt.

Det er mykje informasjon som vert formidla her, og me vil gjerne att de tek kontakt om noko av dette er uklårt.

Redusert kontakt mellom personar- oppretting av kohortar

For å minske risikoen for smitte ønskjer myndigheitene at vi opprettar grupper av elever, såkalla kohortar, som har minst mogleg kontakt med andre elevgrupper ved skulen, og har faste vaksne knytt til seg. Dette hindrar ikkje berre spreiing av smitte. Det lettar og arbeidet med ein eventuell smittesporing ved ein smittesituasjon.

Innan ein kohort kan elevar og tilsette omgåast og leike saman. Elevane kan få den omsorga dei treng av dei vaksne, og dei kan bli trøysta om det er trong for det. Ein skal likevel unngå handhelsing, klemming og unødvendig fysisk kontakt. Dei eldste elevane oppfordrast og til å halde ein meter avstand. To slike kohortar kan ha samarbeid med kvarandre, men dette er helst samarbeid utandørs. For 1-4 klasse er grensa for ein kohort 15 elevar pr lærar.

For Fedje skule inneber dette at vi har to kohortar:

-       1. og 2. klasse er ein kohort, og helt til på nyeskulen.  Dei vaksne som er knytt til denne kohorten er Maren Kristine, Lene, Johanne og Mette. Klassane vil vera delt i dei fleste timane, men og ha nokre timar saman. Dei har friminutt saman.

 -       3. og 4. klasse er ein kohort og helt til på gamleskulen på mellomtrinnet.  Dei vaksne er Lisbeth, Ida og Elin. Klassane skal som no ha dei fleste timane og friminutta saman, men vert delt i nokre timar.  

Tilsette kan hjelpe til i to samarbeidande kohortar, men dette prøver me å unngå med den organiseringa vi har valt. Kohortane kan endrast, men først etter ei veke og ei helg. Kohortane skal i minst mogeleg grad byte klasserom.

SFO og skulestart – henting og bringing

Før elevane drar heimanfrå skal dei vaske hendene. Når dei kjem til skulen står det automatiserte dispenserar med desinfeksjonsmiddel tilgjengeleg ved inngangane. Elevane går til sin tildelte  plass i  gangen og heng av seg ytterklede o.l. Når dei kjem inn i klasserommet vaskar dei hendene att.

Vi ber om at føresette ikkje blir med elevane inn på skulen/SFO, korkje før eller etter skuletid. Ring SFO-telefonen, så følgjer den vaksne eleven ut. Når elevane kjem heim, må dei og vaske hender.

Dersom de har behov for tidleg SFO, må dette tingast som før. Skuledagen startar som vanleg kl. 08.30.

Elevane møter slik:

-       Tidleg SFO og SFO ettermiddag- nyeskulen, inngang ved SFO (nærast bassenget)

-       Skulen:  

  • 1.klasse. Nyeskulen,  inngang ved SFO (nærast bassenget). Klassen nyttar 2. klasserommet
  • 2.klasse. Nyeskulen, inngang for 3 og 4 klasse (lengst vekke frå bassenget). Klassen nyttar ¾ . klasserommet
  • 3. klasse, hovudinngang gamleskulen og nyttar 5. klasserommet.
  • 4.klasse, hovudinngang gamleskulen og nyttar 6.klasserommet

SFO vert gjennomført som vanleg, men med dei same reglane for smittevern som i skuletida. Elevane kan ikkje ta med eigne leikar på skulen eller på SFO.

Skuledagen

For 1 og 2 klasse er tida på skulen fordelt slik:

 

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

08.30-10.00

time

time

time

time

time

10.00- 10.20

friminutt

friminutt

friminutt

friminutt

friminutt

10.20- 11.50

time (2.kl)

time/ute (1.kl)

time

UTE

time

time

11.50-12.20

friminutt

 

friminutt

friminutt

 

12.20-13.05

UTE

 

UTE

time

 

13.05- 13.50

UTE

 

UTE

 

 

 

For 3. og 4. klasse er tida på skulen fordelt slik:

 

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

08.30-10.30

time

time

time

time

time

10.30- 10.50

friminutt

friminutt

friminutt

friminutt

friminutt

10.50- 12.20

time

time  til 11.50

UTE

time

time til 11.50

12.20-12.50

friminutt

 

friminutt

friminutt

 

12.50-13.05

UTE

 

UTE

time

 

13.05- 13.50

UTE

 

UTE

 

 

 

Som de ser er tidene dei har friminutt ikkje lik, og dermed vert det endringar i timane. Dette gjer vi for at elevane i ulike kohortar ikkje skal ha friminutt samstundes, og for å kunne halde krava om avstand mellom elevane ute. Me kjem til å kjøpe inn fleire uteleikar for at dei ikkje skal måtte dele på dei. Legg merke til at rettleiaren seier at elevane skal vera mykje ute. Derfor ber me dykk å ha med uteklede tilgjengeleg på skulen kvar dag, ikkje berre dei dagane som er planlagt utedagar.

De vil få heim ein timeplan med kva fag dei har dei ulike dagane. Den finn de og på Canvas.  Det vert norsk og matematikk kvar dag i dei første timane.  I tillegg vil det stå FAG i nokre av timane. Det betyr undervisning i KRLE, samfunnsfag, naturfag o.l.

Skulebøker kan fraktast mellom skule og heim, men dei skal ikkje delast av elevane. Me skal og unngå deling av t.d. musikkinstrument, utstyr til kunst og handverk og anna undervisningsmateriell, så det vert nokre avgrensingar i kva me kan gjere i dei ulike faga. Symjehallen og fleirbrukshallen er framleis stengd, så elevane får ikkje symjeundervisning og innandørs kroppsøving. Dei vil få fysisk aktivitet og vil ha utegym.  

Mat og drikke

Elevane må ha med eigen matpakke og eigen merka drikkeflaske på skulen. Dei har ikkje lov å dele mat og drikke. Me får dessverre ikkje tinga mjølk no. Heimane vil sjølvsagt bli kompensert for tidlegare innbetalingar.

Hygiene

God hand- og hostehygiene reduserer smitte ved alle luftvegsinfeksjonar, også smitte ved covid-19. Handvask med lunka vatn og flytande såpe er ein effektiv måte å førebygge smitte. Vi vil innføre faste rutinar for handvask gjennom skuledagen:

  • Før ein drar heimanfrå og når ein kjem heim
  • Når ein kjem på skulen/SFO
  • Etter hosting/nysing
  • Etter toalettbesøk
  • Før og etter måltid
  • Etter ein kjem inn frå uteaktivitet/friminutt
  • Ved synleg skitne hender.
  • Desinfisering nyttar ein berre om handvask ikkje er tilgjengeleg

Hostehygiene:

  • Tørkepapir tilgjengeleg i alle klasserom
  • Unngå å røre ved ansikt eller auge.

Andre tiltak:

  • Hald naglane korte og utan naglelakk.
  • Mobiltelefonar vil ikkje bli samla inn, og vi ber difor om at desse ikkje blir tatt med på skulen.  Dersom eleven treng å ringe heim, får dei låne telefon på skulen
  • Elevane bør skifte klede når dei kjem heim.

I tillegg til desse tiltaka vil elevane vaske over eigen pult kvar dag.

Reingjeringa av skulen vil bli forsterka etter råda i rettleiaren. Sjå rettleiaren s. 8 for nærare informasjon om kva tiltak me sett inn når det gjeld reinhald av skulen.

Kven skal, og kven skal ikkje kome, på skulen?

Symptoma på Covid- 19, særleg hjå born, kan være milde og vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Smitta skjer hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Symptoma som rettleiaren skriv om er halsvondt, forkjøling og lett hoste, i tillegg til sjukdomskjensle, hovudpine og muskelsmerter. Magesmerter kan og være eit symptom.

Elevar skal kome på SFO/skulen om dei ikkje har symptom på sjukdom. Det same gjeld om ein i husstanden har symptom, men ikkje bekrefta smitte. Dersom eleven har symptom på sjukdom skal han/ho ikkje kome på skulen. Dette gjeld og ved milde symptom. Elevar med typiske teikn på kjent pollenallergi kan møte på skulen/SFO.

Har ein vore sjuk, kan ein kome tilbake om ein har vore symptomfri i 1 døgn.

Elevar med stadfesta Covid-19 smitte skal være i isolasjon heime. Elevar som er nærkontaktar/bur saman med ein person som har fått stadfesta smitte, skal være i karantene.  Det er helsetenesta som avgjer kven som skal være i isolasjon/karantene, og kor lenge denne skal vare.

Når sjukdom oppstår på skulen/SFO

Dersom ditt born blir dårleg på skulen må de vere førebudd på å kunne hente han/ho på kort varsel. Sjuke elevar vil bli tatt hand om på eit eige rom på skulen, saman med ein vaksen medan vedkommande ventar på å bli henta.  

Elevar med kroniske sjukdommar

Norsk barnelegeforening har i samråd med Folkehelseinstituttet utarbeida ei oversikt over ulike diagnosar hjå born og unge som det eventuelt skal takast spesielle omsyn til. Norsk barnelegeforening meiner at dei aller fleste born med kroniske sjukdommar kan og bør gå på skulen. Sjå rettleiaren s.13 for ei nærare forklaring på kven dette gjeld. 

Ta kontakt med kontaktlærar eller rektor om du meiner at barnet ditt har rett på heimeundervisning . Ta kontakt med fastlegen som vil vurdere problemstillinga og skrive attest til skule, 

Kontaktinformasjon

Mona /kontoret på skulen:     918 52 445/ 56 16 51 20

SFO-telefon:                          945 06 766

  1. kl. Maren Kristine:          56 16 51 31/ 984 99 736
  2. kl. Lene:                         56 16 51 31/ 975 49 635

3. og 4.  kl. Lisbeth:                56 16 51 29/994 19 194

 

Til trass for desse omseggripande tiltaka gler me oss til å sjå elevane igjen, og me ønskjer dei hjarteleg velkomen tilbake til skulen! Det vil ta tid å innarbeide desse rutinane, og det vil nok prege skulekvardagen ei god stund framover. Me tek tida til hjelp, og jobbar godt og målretta for å gjere oss kjent med alle råda i rettleiaren før skuleklokka ringer inn til første time måndag.

Er du uroa for ditt barn? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss. Me vil alle det beste for elevane, og vil gjere vårt beste for at dei skal oppleve ein trygg og god skulekvardag saman med gode klassekameratar.  

 

Med beste helsing
Mona Vabø


Sist oppdatert: 24.04.2020
Publisert: 24.04.2020