Rekordhøg interesse for Fedje Kulturskule
Fedje kulturskule går så det griner!🎵😀
I haust har me heile 40 påmeldingar i kulturskulen, utanom korpset. Mange nye piano-og songtalenter har kome til, og fleire er også påmelde på to aktivitetar. Det er heilt fantastisk kor stort musikalsk engasjement det er blant Fedjeværingane. I forhold til antal innbyggjarar, så skulle vel Fedje vera i norgestoppen når det gjeld påmeldingar i kulturskulen. Dette er utruleg kjekt!
Kulturskulen tilbyr song-og pianoopplæring, i tillegg har me i haust eit femvekers kurs i gitar og trommer.
Musikkøving og utøving er veldig bra for mange ting:
1. Det er gøy!
2. Det er sosialt.
3. Alltid noko å læra. Ein blir aldri utlært.
4. Forskning viser at musikalsk undervisning gjer barn smartere. Det gjev dei fortrinn både i språk og i matematikk, meiner Pål Johan Karlsen, forskar ved Universitetet i Tromsø.
5. Karlsen meiner også at kver gong ein øvar, så trenar ein både sjølvkontrollen, oppmerksomheten og hukommelsen.
6. Musikk kan vekkja store følelser og gje velvære.
Så mange gode grunner for å la born få musikkopplæring!
Venleg helsing Tone Lise Moberg, rektor i Fedje Kulturskule