HjemAktueltNyheiterPsykisk helsetilbod

Psykisk helsetilbod

No er adventstida begynt, og høgtida er rett rundt hjørnet. Det er ei tid som mange gler seg til, og den er fylt av glede, gåver og kvalitetstid med familie og venar. Andre kan oppleve mindre glede for den komande tida, som stress, økonomisk belastning, vonde situasjonar og vanskelege følelsar. Me i psykisk helse er her for deg dersom du eller familien din treng nokon å snakke med.

Det psykiske helsetilbodet i kommunen er gratis, og me er mange som kan hjelpe deg. Fastlege eller skulehelsetenesta kan kontakte oss for deg, eller du kan ta kontakt sjølv. 

Leiar psykisk helse Anita Villanger,           tlf 56 16 51 15

Ruskonsulent Sandra Herøy,                      tlf 48 48 09 27

Kommunepsykolog Ingrid Hjertaas,         tlf 96 62 55 95

Helsesjukepleiar Kjersti Torstensen         tlf 40 80 27 56

 

Ein kan også ta kontakt med Mental helse på telefon 116 123 (døgnope). For Chat og meir informasjon om mental helse, finn du på https://mentalhelse.no/.


Sist oppdatert: 01.12.2021
Publisert: 01.12.2021