HjemAktueltNyheiterPrøvebu Fedje

Prøvebu Fedje

No kan du søkje om ei gratis prøvebuhelg på Fedje.
Publisert: 01.03.2021
Sist endra: 05.03.2021
Her finn du brosjyre med informasjon om korleis du kan søkje om å prøvebu på Fedje!

Det siste året har vore annleis for oss alle.

Mykje er forandra og mykje har me lært at me kan gjere på ein anna måte.

Blandt anna har veldig mange funne ut at ein ikkje treng å sitte i kontorlandskapet i storbyen for å kunne gjere jobben sin!
Kanskje "livet på landet" har frista litt ekstra det siste året også. Det er eit stort steg å ta. Å pakke ned alt ein eig, flytte fra all "luksusen" i byen og reise til distriktet.

La draum bli røyndom

Korleis vil det fungere? Korleis skal eg bu? Kvar skal eg arbeide? Korleis er skulen og barnehagen? Korleis er det med det sosiale livet? Kva gjer dei eigentleg på fritida? Kva om eg må inn til byen? Kor lang tid tar det eigentleg?
Usikkerheten kan få deg til å la det bli med tankane. Draumen er der, men det blir ein draum.

Prøv Fedje!

No kan du søkje om ei gratis prøvebuhelg på Fedje, og kanskje du kan få svar på alle spørsmål du lurar på. 
Me er på jakt etter nettopp DEG som har denne draumen, men som lurar på om du får det til. 

Sak frå NRK

Sak frå Strilen