HjemAktueltNyheiterSjukeheimen på andreplass i konkurranse!

Sjukeheimen på andreplass i konkurranse!

Frå venstre: Marit Øien (sjukepleiar), Torild Kahrs (kjøkkenpersonell), Hildegunn Sivertsen (avdelingssjukepleiar), Nadine Gutte-Preusse (pleie- og omsorgsleiar)Ikkje til stede: Ernst Horgen (lege), Aleksandra Radic (helsefagarbeidar)

2.plass i posterkonkurransen

Heile 15 av 17 kommuner i Vestlandet var med i læringsnettverk for Leve heile livet-reforma og kvalitetsforbetring, inkludert Fedje. Med så stor pågang var gleden stor hos Fedje-teamet da vår poster om ernæringsprosjektet vant andre plass i posterkonkurransen. Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenesta som arrangerte læringsnettverket kom personleg ut til Fedje for å overrekkje blomstane. Sjølvsagt vart det óg kake til gjengen.

Sidan september 2020 har ein lita gruppe frå sjukeheimen vore med i læringsnettverk. Gruppa har jobba på to fronter – innafor Leve heile livet såg vi på ernæring i tenesta, korleis vi kan førebu underernæring og kva vi kan gjere for å stoppe den. Innafor kvalitetsforbetring har vi jobba med å innføre eit nytt verktøy som skal gje meir kontroll over dei mange små oppgåver som lett kan gløymast i ein travel kvardag, men som er viktig for brukarane. Verktøyet skal gjere kommunikasjonen mellom ulike vaktar lettare. Læringsnettverket skulle gå over eit halvt år, men vart forlenga med to månader grunna corona. Vi nytta tida til å utvikle og forbetre våre rutinar rundt desse tema og vi jobba samtidig mykje med kompetanseheving i heile personalgruppa. Resultatane våre vart dokumentert i sluttrapporter og poster.


Sist oppdatert: 25.06.2021
Publisert: 25.06.2021