HjemAktueltNyheiterPLANSTRATEGI FOR FEDJE 2024-2028

PLANSTRATEGI FOR FEDJE 2024-2028

I samsvar med vedtak (40/2024) i kommunestyret 13.06.2024 vert med dette «Framlegg til planstrategi 2024-2028 versjon 1 – 27.05.2024» lagt ut til offentleg medverknad i minimum 30 dagar.

Det er eit lovkrav at kommunane i kvar valperiode (kvart fjerde år) utformer ein planstrategi. Planstrategien skal vera utarbeida og vedtatt seinast eitt år etter at nytt kommunestyre er sett. I framlegget til planstrategi skal det komme fram kva planar som skal prioriterast dei neste fire åra. Planstrategi for Fedje kommune 2024 til 2028 er difor det dokumentet der kommunestyret kan legge føringar for korleis administrasjonen skal nytta sin planleggjarkapasitet dei neste åra.

I arbeidet med planstrategien skal kommunen hente inn synspunkt frå statlege og regionale organ, i tillegg til nabokommunar. Kommunen er samstundes oppteken av å sikre medverknad også blant kommunen sine innbyggarar, lag, organisasjonar, og næringsliv - og me oppmodar desse om å komme med innspel.

 

Høyringsfristen er sett til 16.08.2024.

 

Har du innspel kan du sende epost merka med "sak 2024/541 Planstrategi Fedje kommune 2024-2028", og sende den til postmottak@fedje.kommune.no.

Du kan og sende skriftleg brev til:

 

Fedje kommune

Stormarkvegen 49

5947 Fedje.

 

Planstrategi 2024-2028 (PDF)


Sist oppdatert: 25.06.2024
Publisert: 25.06.2024