HjemAktueltNyheiterPlanforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no på høyring med frist 6. desember 2022

Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no på høyring med frist 6. desember 2022

Planen er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikre langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Alle innbyggjarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar, offentlege mynde mfl. kan sende inn  merknad til planforslaget. Det kan gjelde forslaget til arealplan og føresegnene til arealplanen.

Alle innspel skal merkast -  «Høyring Interkommunal plan sjøareal» (emnefeltet i e-post) – og sendast til post@regionnordhordland.no 
eller som brev til: Region Nordhordland IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 
Isdalstø»

 

Planforslagget kan du lese her:

Høyring og offentleg ettersyn - Plan for sjøareal - Region Nordhordland

Saka er og fysisk tilgjengelig på biblioteket og på sørviskontoret for gjennomsyn. 


Sist oppdatert: 27.10.2022
Publisert: 27.10.2022